1
Forkynnaren 8:15
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Eg har lovprist gleda, for det finst inga anna lukke for menneska her under sola enn å eta og drikka og vera glade. Det fylgjer dei i strevet den tid Gud lèt dei leva under sola.
Compare
Explore Forkynnaren 8:15
2
Forkynnaren 8:12
Hundre gonger kan eit menneske synda og endå få leva lenge. Likevel veit eg at det går godt for dei som ottast Gud, dei som har age for han.
Explore Forkynnaren 8:12
3
Forkynnaren 8:6
For alle ting har si tid og sin dom. Det vonde menneska har gjort, kviler tungt på dei.
Explore Forkynnaren 8:6
4
Forkynnaren 8:8
Ingen har makt over vinden, så han kan halda han att. Og ingen rår for sin dødsdag. I krig slepp ingen fri, og vondskap bergar ikkje den gudlause.
Explore Forkynnaren 8:8
5
Forkynnaren 8:11
Om domen over vond gjerning ikkje straks vert sett i verk, får menneska mot til å gjera det vonde.
Explore Forkynnaren 8:11
6
Forkynnaren 8:14
Det er noko meiningslaust som hender på jorda: Somme rettferdige må bera den straff som dei gudlause fortener, og somme gudlause får den løn som dei rettferdige skulle ha. Eg seier: Det òg er fåfengd.
Explore Forkynnaren 8:14
7
Forkynnaren 8:7
Ingen veit kva som skal henda. Kven kan seia korleis det vil gå?
Explore Forkynnaren 8:7
Home
Bible
Plans
Videos