1
Forkynnaren 9:10
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Alt det du kan gjera med di hand, skal du gjera etter beste evne. For i dødsriket, som du går til, er det korkje arbeid eller plan, korkje kunnskap eller visdom.
Compare
Explore Forkynnaren 9:10
2
Forkynnaren 9:11
Elles såg eg under sola: Det er ikkje dei lettføtte som vinn laupet, og ikkje dei djerve som sigrar i krig; dei vise får heller ikkje brød, dei vituge vert ikkje rike, og dei som kan noko, finn ikkje velvilje. Tid og lagnad møter dei alle.
Explore Forkynnaren 9:11
3
Forkynnaren 9:9
Nyt livet med den kvinna du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv som Gud har gjeve deg under sola. For det er din lut i livet midt i alt det strev og slit som du har under sola.
Explore Forkynnaren 9:9
4
Forkynnaren 9:7
Så gå og et ditt brød med glede, og drikk din vin med godt mot! Gud har då for lenge sidan samtykt i det du gjer.
Explore Forkynnaren 9:7
5
Forkynnaren 9:18
Visdom er betre enn krigsvåpen, men ein syndar kan øydeleggja mykje godt.
Explore Forkynnaren 9:18
6
Forkynnaren 9:17
Ord av vismenn som høyrest i ro, er betre enn hovdings rop mellom dårar.
Explore Forkynnaren 9:17
7
Forkynnaren 9:5
Dei levande veit at dei skal døy, men dei døde veit ingen ting. Dei får ikkje lenger løn, for minnet om dei er gløymt.
Explore Forkynnaren 9:5
Home
Bible
Plans
Videos