YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 11

11
Du veit ikkje kva som vil lukkast
1Kast brødet ditt på vatnet;
for med tida finn du det att. #11,1 Kast brødet ditt osb. oppmoding til å våga noko, endå om ein ikkje kan rekna ut resultatet.
2Del det du har med sju eller åtte;
for du veit ikkje kva for ulukker
som kan henda på jorda.
3Når skyene vert fulle av regn,
auser dei det ut over jorda.
Fell eit tre, mot sør eller nord,
vert det liggjande der det fall.
4Den som aktar på vinden, får ikkje så,
den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.
5Likså lite som du veit
kva veg vinden blæs,
eller korleis beina vert til
hjå fosteret i mors liv,
likså lite kan du vita
korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk. #Sal 139,15; Fork 3,11; Joh 3,8
6Så ditt sæde om morgonen,
og lat ikkje handa kvila om kvelden.
Du veit då ikkje kva som vil lukkast,
anten det eine eller det andre,
eller om alt er like godt.
Gled deg!
7Ljoset er ein hugnad for auga,
det gjer godt å sjå sola.
8Om åra vert mange, skal mennesket leva
og gleda seg over dei alle.
Det skal tenkja på dei mørke dagar,
for av dei vert det mange.
Alt som skal koma, er fåfengd.
9Gled deg, ungdom, medan du er ung,
ver glad og nøgd i livsens vår!
Gå på dei vegar som hjarta vil,
fylg det som lokkar ditt auga!
Men vit at Gud skal krevja deg til rekneskap
for alt det du har gjort. #12,14
10Få sutene ut or din hug,
og hald det vonde frå livet!
For ungdomstida, livsens vår,
kverv som ein pust.

Currently Selected:

Forkynnaren 11: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in