YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 10

10
Ordtak om visdom og dårskap
1Når ein lagar salve, kan daude fluger
få oljen til å lukta og gjæra.
Litt dårskap veg meir enn visdom og ære.
2Vismanns hug står til det som er rett,
dårens hug til det som er rangt.
3Jamvel når dåren ferdast på gata,
vantar han vit.
Han lèt alle sjå at han er dum. #Ordt 15,2
4Om styresmannen harmast på deg,
skal du ikkje gå frå din plass;
for sinnsro kan hindra store synder.
5Ein uting har eg sett under sola,
eit mistak av den som har makta:
6at dårar kjem i høgsetet,
medan rikfolk må sitja nedst. #Ordt 19,10
7Eg har sett trælar ri på hestar,
medan stormenn gjekk til fots som trælar.
8Den som grev ei grav, kan sjølv detta nedi;
den som riv ein mur, kan ormen bita. #Sal 7,16+
9Den som bryt stein, kan få mein av det.
Den som høgg ved, kan koma i fare.
10Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,
må ein bruka di større kraft.
Den vise har større von om å lukkast.
11Når ein mann vert biten av ein orm
før maningsordet er sagt,
kva gagn har han då av si kunst?
Ver varsam i tale!
12Den vise vinn velvilje
med orda han talar,
men dårens lipper skader han sjølv. #Ordt 10,21; 15,2
13Dei fyrste ord frå hans munn er dårskap,
og det siste han seier, er reine galskapen.
14Dåren brukar mange ord;
men ingen veit kva som skal henda.
Kven kan fortelja mannen
kva som skal koma når han er borte? #8,7
15Dåren masar så han vert trøytt,
han som ikkje eingong veit vegen til byen.
16Ve deg, land som har eit barn til konge
og stormenn som held gilde frå morgonen av. #Ordt 31,4; Jes 3,4; 5,11
17Sælt er du land
som har ein høgætta konge
og stormenn som held måltid i rette tid,
sterke menn som ikkje drikk.
18Når latskapen rår, sig bjelkane ned,
og sit ein med hendene i fanget,
dryp det inn i huset.
19Folk held gjestebod for å moroa seg,
og vinen gjev glede i livet.
Alt dette kan ein få for pengar. #Sal 104,15; Dan 5,1
20Ikkje eingong i tankane
skal du forbanna kongen.
Jamvel ikkje i ditt soverom
må du forbanna den rike.
For himmelens fuglar ber lyden av stad,
dei som har venger, fortel kva du har sagt. #2 Mos 22,28

Currently Selected:

Forkynnaren 10: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in