Apostelgjerningane 4
4
Peter og Johannes for Rådet
1Medan dei tala til folket, kom brått prestane bortåt saman med hovdingen for tempelvakta og saddukearane. #4,1 tempelvakta [Luk 22,4.] #Luk 22,4.52; Apg 5,24; 23,8 2Dei var harme fordi dei lærte folket og forkynte at dei døde skal stå opp, og viste til det som hadde hendt med Jesus. 3Dei greip dei og sette dei i fengsel til dagen etter; for det var alt seine kvelden. 4Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru, og talet på menn steig til ikring fem tusen.
5Dagen etter samla dei jødiske rådsherrane seg i Jerusalem saman med dei eldste og dei skriftlærde. 6Øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var i slekt med øvstepresten. 7Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?» #Matt 21,23 8Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket! #Luk 12,11f 9Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt, 10då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. #3,6.16 11Han er#Sal 118,22; 1 Pet 2,4.7+
den steinen som de
bygningsmenn vraka,
men som har vorte hjørnestein.
12Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.» #Matt 1,21; Joh 1,12 13Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus. 14Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot. 15Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre: 16«Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta. #Joh 11,47 17Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.» 18Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og læra i Jesu namn. #5,28f 19Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han. 20Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.» 21Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt. 22Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.
Bøn og samhald i kyrkjelyden
23Som dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt. 24Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle samhuga i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er, #2 Mos 20,11; Sal 146,6 25du tala ved Den Heilage Ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia:#Sal 2,1f
Kvifor rasa folkeslaga?
Kvifor la folka gagnlause planar?
26Kongane på jorda reiste seg,
og fyrstane slo seg saman
mot Herren og den han har salva.
27Ja, det skal vera visst: I denne byen slo dei seg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva, både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels ætter, #Luk 23,6ff 28og gjorde det som du i di makt og etter din plan hadde fastsett. #2,23 29Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod! 30Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!»
31Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod. #2,4+; 16,26 32Heile flokken av truande var eitt i hjarta og hug, og ingen kalla det han åtte for sitt eige; dei hadde alt i lag. #Joh 13,34f; Apg 2,44f 33Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var oppstaden, og stor nåde var over dei alle. #1,22; 4,2; 17,18; 26,23 34Ingen av dei leid naud; for dei som åtte jord eller hus, selde det og kom med pengane 35og la dei for føtene åt apostlane. Sidan fekk kvar einskild tiletla det han trong. 36Det var ein mann frå Kypros, ein levitt som heitte Josef. Av apostlane hadde han fått tilnamnet Barnabas – det tyder trøystarsonen. #9,27 37Han åtte ein åker; den selde han og kom med pengane og la dei fram for apostlane.
Currently Selected:
Apostelgjerningane 4: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2