Apostelgjerningane 3
3
Peter lækjer og forkynner
1Ein dag då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet. #10,3.9.30 2Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore lam all si tid. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som kallast Fagerporten, så han kunne be dei som gjekk inn i templet, om ei sælebotsgåve. #14,8ff 3Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. 4Dei feste augo på han, og Peter sa: «Sjå på oss!» 5Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko. 6Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!» #Matt 9,6f; Joh 5,8; Apg 9,34; 14,10 7Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla. 8Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud. 9Alle såg korleis han gjekk ikring og lova Gud. 10Og dei kjende han att: Det var han som var van å sitja ved Fagerporten og be om gåver, og dei vart fylte av undring og otte over det som hadde hendt med han.#Joh 9,8
11Mannen heldt seg nær Peter og Johannes, og alt folket flokka seg ikring dei i Salomos bogegang, fulle av undring. #3,11 Salomos bogegang Sjå fotnote til Joh 10,23. #Joh 10,23; Apg 5,12 12Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:
Kvifor undrast de over dette, israelittar? Kvifor stirer de på oss, som om det var av eiga kraft eller gudsfrykt vi gjorde at denne mannen kan gå? 13Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har teke tenaren sin, Jesus, opp i herlegdom. De sveik han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri. #2 Mos 3,6; Jes 52,13ff; Joh 18,38; 19,12 14De fornekta Den Heilage og Rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven. #Luk 23,18 15Men livsens hovding drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om. #Hebr 2,10; Apg 1,8+ 16Fordi vi trur på Jesu namn, har dette namnet styrkt denne mannen som de ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gav mannen denne fulle førleiken, som de alle kan sjå. #Luk 7,50+ 17Eg veit nok, brør, at det var i vankunne de gjorde dette, nett som rådsherrane dykkar. #13,27; 1 Kor 2,8 18Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida. #Luk 24,44 19Gjer difor bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne. #2,38+ 20Då skal det koma tider med lindring og trøyst frå Herren, og han skal senda den Messias som er etla åt dykk, Jesus. 21Han lyt vera i himmelen til den tid kjem då det skal atterreisast, alt det som Gud har tala om frå eldgamle dagar gjennom dei heilage profetane sine. 22Moses sa: Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk. #5 Mos 18,15; Luk 9,35 23Men kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal rydjast ut or folket. #5 Mos 18,19 24Alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar. #Luk 24,27 25De er born åt profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: I di ætt skal alle ætter på jorda velsignast. #1 Mos 12,3; 22,18; Gal 3,8 26Det var til dykk Gud fyrst sende tenaren sin; han skulle velsigna dykk når kvar og ein vender om frå sine vonde gjerningar.#Matt 15,24; Apg 13,46; Rom 1,16
Currently Selected:
Apostelgjerningane 3: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2