Romarane 8
8
Livet i Anden
1Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. 2#Joh 8,36; Rom 7,23f#8,2 gjort deg fri Mange handskrifter har «gjort meg fri».For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden. 3#2 Kor 5,21; Gal 3,13; Hebr 2,14ff#8,3 kjøt og blod gr. sarks, òg omsett med «kjøt». Ordet blir brukt heile tretten gonger i v. 1–13. =kjøt, kjøt og blod. som syndoffer Jf. 3 Mos 4; 7; Sal 40,7; Hebr 5,3; 10,3f.12. =offer og soning.Det som var umogleg for lova, sidan ho stod maktlaus fordi vi er av kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same slag kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss. 4Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil. 5Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever slik Anden vil, traktar etter det som høyrer Anden til. 6#Gal 6,8For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred. 7#Kol 1,21; Jak 4,4Difor er det som kjøtet vil, fiendskap mot Gud, for det bøyer seg ikkje under Guds lov og kan det ikkje heller. 8Dei som kjøtet har makta over, kan ikkje vera til glede for Gud. 9#1 Kor 2,12; 3,16; 12,3; 1 Joh 3,24; 4,13Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til. 10#Gal 2,20Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda. 11#Apg 2,24+; 1 Kor 6,14; 2 Kor 4,14Han reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar dødelege kropp levande ved sin Ande, som bur i dykk.
12 #
6,6f Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil. 13#Gal 6,8; Kol 3,5fFor dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva. 14#Gal 5,18Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born. 15#Gal 4,6; 2 Tim 1,7; 1 Joh 4,18#8,15 Abba aram. for «far». Ein slik måte å innleia ei bøn til Gud på er utan parallellar i jødisk bønespråk. Jf. Mark 14,36.For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16#2 Kor 1,22+; Gal 3,26ffAnden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17#Apg 14,22+; Gal 4,7; 1 Pet 4,13; Op 21,7Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.
Håpet om herlegdom
18 #
Matt 5,11f; 2 Kor 4,17f Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår. 19Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp, 21#2 Pet 3,13; Op 21,5for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier. 23#Luk 21,28; 2 Kor 5,2ff; Ef 1,5#8,23 Anden, den første frukta «Den første frukta» er i det gammaltestamentlege offerspråket det første som vart moge av korn og frukt, og som skulle ofrast til Gud, jf. 2 Mos 23,19. I språkbruken til Paulus står det for det Gud gjev menneska: Andens gåve, som er den første av frelsegåvene og ein forsmak på og garanti for den komande og endelege frelsa. Jf. 2 Kor 1,22.Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri. 24#2 Kor 4,18; 5,7For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser? 25#Hebr 11,1Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. 27#Sal 139,1Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.
28 # 8,28 alle ting … som elskar Gud Nokre handskrifter har ein lengre tekst som kan omsetjast «Gud verkar med i alt til det gode for dei som elskar han». Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29#2 Kor 3,18; Ef 1,4ff; Kol 1,18Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken. 30Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.
31 #
Sal 118,6
Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32#Joh 3,16; Rom 4,25+Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
33 #
Jes 50,8
Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34#Sal 110,1; Apg 2,32f+; Hebr 7,25+Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36#Sal 44,23; 2 Kor 4,11+Som det står skrive:
For di skuld blir vi drepne dagen lang,
vi blir rekna som slaktesauer.
37 #
Joh 16,33; 1 Joh 5,4f Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38#Ef 6,12; Kol 2,15For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Currently Selected:
Romarane 8: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.