Salmane 64
64
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2Høyr meg, Gud, når eg bed,
vern mitt liv når fienden skremmer!
3Gøym meg for banden av valdsmenn,
for hopen av dei som gjer urett.
4 #
11,2; 57,5 Dei kvesser si tunge som eit sverd
og siktar inn pilene, dei beiske orda.
5Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause.
Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.
6 #
10,11+ Dei styrkjer kvarandre med vonde ord.
Dei talar om å setja snarer
og seier: «Ingen vil sjå dei.»
7 #
Jer 17,9
Dei tenkjer ut vondskap.
«No er vi klare, tanken er tenkt,
det er store djup i menneskehjartet!»
8 #
7,13f+ Men Gud skyt dei med piler,
brått blir dei råka.
9Han fører dei til fall,
deira eiga tunge rammar dei.
Alle som ser dei, blir skaka.
10Alle menneske blir gripne av frykt.
Dei kunngjer Guds verk
og skjønar det han har gjort.
11 #
68,4
Den rettferdige gleder seg i Herren
og søkjer tilflukt hos han.
Den ærlege av hjartet prisar seg lukkeleg.
Currently Selected:
Salmane 64: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.