Salmane 63
63
1 #
1 Sam 23,14; 24,1ff Ein salme av David, då han var i Juda-ørkenen.
2 #
42,3+ Gud, du er min Gud, som eg søkjer.
Mi sjel tørstar etter deg,
min kropp lengtar etter deg
i eit vasslaust, tørt og utarma land.
3 #
17,15; 27,4 I heilagdomen skoda eg deg,
eg såg di makt og din herlegdom.
4For di miskunn er betre enn livet.
Leppene mine skal syngja din pris.
5 #
104,33; 146,2 Slik vil eg velsigna deg heile mitt liv
og lyfta hendene i ditt namn.
6 #
36,9; 65,5 Eg blir metta som med feite retter,
med jublande lepper prisar eg deg.
7Eg tenkjer på deg der eg ligg og kviler,
og grundar på deg gjennom natta.
8 #
17,8+ For du har vore ei hjelp for meg,
eg jublar i skuggen av dine venger.
9 #
18,36; Jes 41,10 Eg held fast ved deg,
di høgre hand grip tak i meg.
10 #
55,16+ Men det går ille med dei
som står meg etter livet,
dei skal fara ned i jordedjupet.
11Dei skal gjevast over til sverdet
og bli til rov for sjakalar.
12 #
107,42
Men kongen skal gleda seg i Gud.
Alle som sver ved han, kan vera stolte,
for løgnarmunnen blir stoppa.
Currently Selected:
Salmane 63: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.