YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 3

3
Levittane blir mønstra
1Dette er slektshistoria til Aron og Moses, på den tida då Herren tala til Moses på Sinai-fjellet. 2#2 Mos 6,23Dette er namna på Aron-sønene: Nadab, den førstefødde, og Abihu, Elasar og Itamar. 3#2 Mos 28,41; 3 Mos 8,6ffDet er namna på sønene Aron hadde, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste. 4#3 Mos 10,1ffNadab og Abihu døydde for Herrens andlet då dei bar fram uvigsla eld for han i Sinai-ørkenen. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.
5 Herren sa til Moses: 6Lat Levi-stammen koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han! 7#1,50.53; 16,9Dei skal gjera teneste for han og heile forsamlinga framfor teltheilagdomen og utføra tenesta ved bustaden. 8Dei skal ta hand om alle tinga i teltheilagdomen og pliktene som israelittane har når dei gjer teneste ved bustaden. 9#8,16; 18,6Du skal gje levittane over til Aron og sønene hans. Mellom israelittane skal desse vera heilt og fullt overgjevne til han. 10#1,51Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem ein framand nær det heilage, skal han døy.
11Så sa Herren til Moses: 12#3,41Sjå, eg har teke ut levittane frå dei andre israelittane i staden for alle førstefødde i Israel, dei som opnar morslivet. Levittane skal høyra meg til. 13#2 Mos 13,2; 22,29; 34,19For alle førstefødde høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei førstefødde i Egypt, helga eg alle dei førstefødde i Israel, både menneske og dyr. Dei er mine. Eg er Herren.
14 # 26,57–62 Herren sa til Moses i Sinai-ørkenen: 15«Du skal mønstra levittane, familie for familie og slekt for slekt. Alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, skal du mønstra.» 16Og Moses mønstra dei på Herrens ord, slik han var pålagd. 17#2 Mos 6,16fDette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari. 18Dette er namna på sønene til Gersjon og slektene deira: Libni og Sjimi, 19og sønene til Kehat og slektene deira: Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, 20og sønene til Merari og slektene deira: Mahli og Musji. Dette er Levi-slektene og familiane deira.
21Til Gersjon høyrde slektene til Libni og Sjimi. Det er slektene til Gersjon-sønene. 22Dei som vart mønstra frå desse slektene, var 7500 i talet. Alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, vart mønstra. 23Slektene til Gersjon-sønene slo leir bak bustaden, mot vest. 24Leiaren for familien deira var Eljasaf, son til Lael. 25#4,24fGersjon-sønene skulle ta seg av teltheilagdomen, sjølve bustaden og teltet, taket på det og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen, 26omhenget rundt føregarden som låg kring bustaden og altaret, forhenget framfor opninga inn til føregarden, snorene og alt arbeidet med dette.
27Til Kehat høyrde slekta til Amram-sønene, slekta til Jishar-sønene, slekta til Hebron-sønene og slekta til Ussiel-sønene. Det er slektene til Kehat-sønene. 28Då alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var talde, var det 8600 mann som skulle utføra oppgåvene ved heilagdomen. 29Slektene til Kehat-sønene slo leir på sørsida av bustaden. 30#2 Mos 6,22; 3 Mos 10,4Leiaren for familien deira var Elisafan, son til Ussiel. 31#4,4fDei hadde ansvaret for paktkista, bordet, lysestaken, altara, tinga som dei nytta ved tenesta i heilagdomen, og forhenget og alt arbeidet med dette.
32Den øvste leiaren for levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.
33Til Merari høyrde Mahli-slekta og Musji-slekta. Det er Merari-slektene. 34Talet på dei som vart mønstra, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 6200. 35Leiaren for farshuset til Merari-slektene var Suriel, son til Abihajil. Dei slo leir på nordsida av bustaden. 36Merari-sønene hadde ansvar for å ta seg av plankane i bustaden, tverrstengene, stolpane og soklane, alle tinga der og alt arbeidet med dette, 37dessutan stolpane kring føregarden med soklane, pluggane og snorene som høyrde til.
38Moses og Aron og sønene hans slo leir framfor bustaden, framfor teltheilagdomen, mot soloppgangen i aust. Det var dei som utførte oppgåver for israelittane ved heilagdomen. Om ein uvigsla kjem nær, skal han døy. 39Talet på levittane som Moses og Aron mønstra på Herrens ord, slekt for slekt, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 000.
Levittane og dei førstefødde
40 Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei førstefødde i Israel, alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet. 41#2 Mos 13,12; 22,29; 4 Mos 3,12fDu skal ta ut levittane. Dei er mine. Eg er Herren. Du skal ta dei ut i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og feet til levittane i staden for alt det førstefødde blant feet til israelittane.
42Då mønstra Moses alle førstefødde mellom israelittane, slik Herren hadde pålagt han. 43Talet på alle førstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 273.
44Så sa Herren til Moses: 45Ta levittane i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og husdyra til levittane i staden for husdyra deira. Levittane er mine. Eg er Herren. 46Men som løysepengar for dei 273 førstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar, 47#3,47 Ein sjekel ca. 12 g. Jf. 2 Mos 30,13.skal du ta fem sjekel for kvar. Ein sjekel er tjue gera etter vekta som blir brukt i heilagdomen. 48Gjev pengane til Aron og sønene hans som løysepengar for dei som er overskytande mellom dei.
49Moses tok imot løysepengane for dei som var fleire enn talet på dei som var løyste ut med levittane. 50#3,50 1365 sjekel ca. 15,5 kg.Frå dei førstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1365 sjekel etter den vekta som blir brukt i heilagdomen. 51Og Moses gav løysepengane til Aron og sønene hans på Herrens ord, slik Herren hadde pålagt Moses.

Currently Selected:

4. Mosebok 3: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 3