Sjå, eg har teke ut levittane frå dei andre israelittane i staden for alle førstefødde i Israel, dei som opnar morslivet. Levittane skal høyra meg til. For alle førstefødde høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei førstefødde i Egypt, helga eg alle dei førstefødde i Israel, både menneske og dyr. Dei er mine. Eg er HERREN.