YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 16

16
Krav om teikn
(Mark 8,11–13; Luk 12,54–56)
1 # 12,38; Luk 11,16; Joh 6,30f Farisearane og saddukearane kom til han. Dei ville setja han på prøve og bad han visa dei eit teikn frå himmelen. 2#16,2–3 V. 2–3 manglar i dei eldste handskriftene.Men han svara: °«Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’, 3og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk’. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.4#12,39fEi vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.
Den farlege surdeigen
(Mark 8,14–21)
5Då dei fór over til den andre sida, hadde læresveinane gløymt å ta med brød. 6#Luk 12,1fJesus sa til dei: «Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» 7Dei samtala om dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.» 8Men Jesus merka det og sa: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød – de lite truande! 9#14,17ff; 15,16Skjønar de enno ingenting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att? 10#15,34ffEller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att? 11Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» 12Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.
Peters vedkjenning
(Mark 8,27–30; Luk 9,18–21)
13Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» 14#14,2; 21,11+; Mark 6,14fDei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» 15«Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16#14,33+; Joh 6,69; 11,27; 1 Joh 4,15#16,16 Messias frelsarkongen jødane venta på. =Jesu titlar.Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17#11,27; Gal 1,15f#16,17 kjøt og blod gr. sarks, «kjøt», brukt om menneske eller det menneskelege som motsetning til Gud. =kjøt, kjøt og blod.Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18#Ef 2,20#16,18 Peter gr. attgjeving av aram. kefa, «berg».Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19#Matt 18,18; Joh 20,23; Op 3,7#16,19 bind … løyser Dei gr. orda blir brukte om å halda fast eller tilgje synd. Jf. Joh 20,23. I rabbinsk tradisjon kan tilsvarande uttrykk brukast om å forby eller stadfesta som tillate.Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20#8,4+; 17,9Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.
Jesus talar om at han skal døy og stå opp att
(Mark 8,31–33; Luk 9,22)
21 # Hos 6,2; Matt 17,22f; 20,18f; 27,63f; Luk 24,7.46; Apg 10,40; 1 Kor 15,4 # 16,21 tredje dagen Denne teljemåten inneber at både dagen då Jesus døyr, og dagen då han står opp, blir rekna med. Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. 22Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» 23#4,10Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»
Å følgja Jesus
(Mark 8,34–9,1; Luk 9,23–27)
24 # 10,38f; Luk 14,27 # 16,24 ta krossen sin opp >10,38. Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25#Luk 17,33; Joh 12,25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26#Sal 49,8ff; Matt 4,8fKva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27#Sal 62,13; Ordt 24,12; Matt 25,31; Rom 2,6+; Op 22,12For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort. 28#24,34Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»

Currently Selected:

Matteus 16: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in