1
Matteus 16:24
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.
Compare
Explore Matteus 16:24
2
Matteus 16:18
Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.
Explore Matteus 16:18
3
Matteus 16:19
Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»
Explore Matteus 16:19
4
Matteus 16:25
For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.
Explore Matteus 16:25
5
Matteus 16:26
Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?
Explore Matteus 16:26
6
Matteus 16:15-16
«Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»
Explore Matteus 16:15-16
7
Matteus 16:17
Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.
Explore Matteus 16:17
Home
Bible
Plans
Videos