Jeremia 38
38
Jeremia blir kasta i brønnen
1 # 38,1 Jukal I 37,3 heiter han Jehukal. Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjhur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjhur, son til Malkia, høyrde orda som Jeremia tala til alt folket: 2#21,9 Så seier Herren: Den som blir verande her i byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få leva. Han skal få livet sitt som krigsbytte og leva vidare. 3#32,3 Så seier Herren: Denne byen skal gjevast over til hæren til Babel-kongen, som skal ta han.
4 # 26,11; Am 7,10ff Leiarane sa til kongen: «Denne mannen må døy, for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar slike ord til dei. For denne mannen søkjer ikkje fred for dette folket, men ulukke.» 5Kong Sidkia svara: «Sjå, han er i dykkar hender. For kongen kan ikkje gjera noko med dykk.» 6#1 Mos 37,24 Då tok dei Jeremia og kasta han i brønnen til kongssonen Malkia i vaktgarden. Dei firte han ned med tau. Det var ikkje vatn i brønnen, men gjørme, og Jeremia sokk ned i gjørma.
7Ebed-Melek frå Kusj, ein hoffmann som var på slottet, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brønnen. Kongen sat då i Benjamin-porten. 8Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen: 9#37,21 «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brønnen, og der kjem han til å døy av svolt, for det finst ikkje lenger brød i byen.» 10Då sa kongen til kusjitten Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå og dra profeten Jeremia opp or brønnen før han døyr.»
11Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn på slottet, til rommet under skattkammeret. Der henta han filler og gamle og utslitne klede og firte dei ned i brønnen til Jeremia med tau. 12Så sa kusjitten Ebed-Melek til Jeremia: «Ta desse fillene i armholene og legg taua under armane!» Jeremia gjorde det, 13#39,14 og dei drog han opp med taua og fekk han ut or brønnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.
Siste samtalen med Sidkia
14Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og henta han til den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til Jeremia: «Eg har noko å spørja deg om. No må du ikkje løyna noko for meg.» 15Jeremia sa til Sidkia: «Talar eg rett ut, vil du sikkert drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.» 16Då svor kong Sidkia i løynd for Jeremia: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss dette livet: Eg vil ikkje la deg døy og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»
17Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til Babel-kongens hærførarar, skal du berga livet, og denne byen skal ikkje brennast ned. Både du og ditt hus skal få leva. 18#2 Krøn 36,12; Jer 34,2 Men gjev du deg ikkje over til Babel-kongens leiarar, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene deira.»
19Kong Sidkia sa til Jeremia: «Eg er redd dei judearane som har gått over til kaldearane. Gjev dei meg over i deira hender, kjem dei til å mishandla meg.» 20Jeremia svara: «Dei kjem ikkje til å overgje deg. Lyd berre Herrens ord som eg talar til deg, så skal det gå deg godt, og du skal få leva. 21Men nektar du å gje deg over, så har Herren synt meg dette: 22#Ob 7 Sjå, alle kvinnene som var att i slottet til kongen av Juda, vart førte ut til Babel-kongens leiarar. Dei song:
Dine vener har leidd deg vill
og fått deg i si makt.
Dine føter sokk ned i gjørma,
dei trekte seg tilbake.
23Alle kvinnene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men Babel-kongens hand skal gripa deg, og byen skal brennast ned.»
24Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen, elles skal du døy. 25Når leiarane får høyra at eg har snakka med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen! Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg! Kva sa kongen til deg? 26#37,20 Men då skal du svara dei: Eg bar mi bøn fram for kongen om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus for å døy der.»
27Alle leiarane kom til Jeremia og spurde han ut, og han svara dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred, for ingen hadde høyrt noko. 28Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.
Currently Selected:
Jeremia 38: N11NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).