«Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brønnen, og der kjem han til å døy av svolt, for det finst ikkje lenger brød i byen.» Då sa kongen til kusjitten Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå og dra profeten Jeremia opp or brønnen før han døyr.»