YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 20

20
1 # 2 Kong 18,17 I det året ein hærførar som assyrarkongen Sargon hadde sendt ut, gjekk til åtak på Asjdod og la byen under seg, 2#1 Sam 19,24; 2 Kong 1,8; Sak 13,4; Matt 3,4på den tida tala Herren gjennom Jesaja, son til Amos. Han sa: «Gå og ta sekkestrien av hoftene dine og skorne av føtene!» Han gjorde det og gjekk naken og berrføtt.
3 # 8,1–4; 18,1; Jer 13,1ff; Esek 12,1ff Og Herren sa: Slik tenaren min Jesaja har gått naken og berrføtt i tre år til teikn og varsel mot Egypt og Kusj, 4slik skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Kusj, både unge og gamle, nakne, berrføtte og med berr bak, til vanære for Egypt. 5#18,1f.7; 30,2ff; 36,6Folk skal bli slegne av skrekk og skam over Kusj, deira von, og over Egypt, deira pryd. 6Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, slik har det gått med vår von, med dei vi flykta til for å få hjelp, for å bli berga frå assyrarkongen. Korleis skal vi då sleppa unna?»

Currently Selected:

Jesaja 20: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in