Jesaja 19
19
Egypt
1 #
Jer 43,12; 46,2ff; Esek 29,2ff; 30,4ff Bodskap om Egypt.
Sjå, Herren rid på raske skyer
og kjem til Egypt.
Avgudane i Egypt skjelv for han,
og hjartet til egyptarane smeltar i brystet.
2 #
2 Krøn 15,6; Luk 21,10 Eg hissar opp egyptar mot egyptar,
bror skal kjempa mot bror,
mann mot mann,
by mot by,
kongerike mot kongerike.
3 #
Job 5,12f; Jes 8,10.19; Esek 21,26 Det er tomt for ånd i egyptarane,
eg gjer ende på planane deira.
Dei vender seg til avgudar og skrømt,
til gjenferd og spådomsånder.
4Men eg vil gje egyptarane over
i hendene på ein hard herre.
Ein mektig konge skal herska over dei,
seier Herren, allhærs Herre.
5Då blir vatnet i havet borte,
elva blir tørrlagd, ho tørkar.
6Elvefara stinkar,
Nilens armar minkar og blir tørrlagde,
røyr og siv visnar.
7Graset ved munningen av Nilen
og alt som er sådd langs elva,
tørkar, blæs bort og forsvinn.
8Fiskarane sørgjer,
alle som fiskar med krok i Nilen, klagar,
dei som set garn i vatnet,
visnar bort.
9Dei som arbeider med lin, blir til skamme,
dei som kardar og vev, blir bleike.
10Vevarane sturer,
dagarbeidarane er tunge til sinns.
11 # 19,11 Soan >4 Mos 13,22. Ja, dårar er fyrstane i Soan,
vismennene til farao gjev dumme råd.
Korleis kan de seia til farao:
«Eg er son til vismenn,
son til kongar frå fortida?»
12Kvar er no vismennene dine?
Lat dei kunngjera og fortelja deg
kva plan Herren over hærskarane
har lagt for egyptarane.
13 # 19,13 Nof Memfis, hovudstad i Nedre Egypt, 20 km sør for Kairo. Fyrstane i Soan er dårar,
fyrstane i Nof har vorte narra.
Stammehovdingane har ført Egypt vill.
14 #
29,10ff Herren har aust ut blant dei
ei ånd som gjer svimmel.
Dei har fått egyptarane til å fara vill
kva dei så gjer,
slik ein drukken går seg vill i sitt eige spy.
15 #
9,14
For egyptarane skal ingenting lukkast,
anten det er hovud eller hale,
palmegrein eller siv som gjer det.
16Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av frykt fordi Herren over hærskarane har lyft si hand og svingar henne over dei. 17Juda-landet skal bli til skrekk for egyptarane. Så ofte nokon nemner det, skal dei frykta planen Herren over hærskarane har lagt for dei.
18 #
45,23
# 19,18 Ir-Haheres truleg Heliopolis, som elles i GT blir kalla On. >1 Mos 41,45. Den dagen skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans språk og sver truskap til Herren over hærskarane. Ein av dei skal heita Ir-Haheres.
19 #
1 Mos 28,18.22 Den dagen skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte for Herren ved grensa. 20Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren over hærskarane i Egypt. Når dei ropar til Herren og klagar over undertrykkjarane, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann, og han skal fria dei ut. 21#4 Mos 30,3ff; 5 Mos 23,22ff; Sal 51,19.21; 68,32Då skal Herren gje seg til kjenne for egyptarane, på den dagen skal egyptarane læra han å kjenna. Dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje lovnader til han og halda dei. 22Herren skal slå egyptarane, slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han vil høyra bønene deira og lækja dei.
23Den dagen skal det vera ein hovudveg frå Egypt til Assur. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assur, og Egypt skal tilbe saman med Assur.
24Den dagen skal Israel, den tredje saman med Egypt og Assur, vera ei velsigning for heile jorda. 25Herren over hærskarane skal velsigna dei og seia:
Velsigna er Egypt, mitt folk,
Assur, eit verk av mi hand,
og Israel, min eigedom!
Currently Selected:
Jesaja 19: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.