YouVersion Logo
Search Icon

1. Johannes 1

1
Livsens ord
1 # Joh 1,1ff; 20,20.27 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi. 2#Joh 1,14 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner for dykk det evige livet. Det var hos Far og vart openberra for oss. 3#Apg 4,20; 1 Kor 1,9 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi òg for dykk, så de skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus. 4#Joh 15,11+; 2 Joh 12 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
Lev i lyset
5 # Jak 1,17 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker. 6#Joh 3,21; 1 Joh 2,4 Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. 7#Ef 5,8; Hebr 9,14; Op 1,5#1,7 blodet … reinsar jf. omtalen av offer i teltheilagdomen, seinare i tempelet, særleg på «den store soningsdagen», 3 Mos 16,1–17,9. =offer og soning. =festar og høgtider. Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.
8 # Ordt 20,9 Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. 9#Sal 32,5; Ordt 28,13; Rom 4,6ff Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10#Rom 3,10ff Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss.

Currently Selected:

1. Johannes 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in