1
Jesaja 42:6-7
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Eg, Herren, hev kalla deg i rettferd og teke deg i handi, og eg vil verna deg og gjera deg til ei pakt for folket, til eit ljos for heidningane, so du skal opna blinde augo, føra fangar ut or fengslet og dei som sit i myrker, ut or fangehuset.
Compare
Explore Jesaja 42:6-7
2
Jesaja 42:8
Eg er Herren, det er mitt namn, og eg gjev ingen annan mi æra eller dei utskorne bileti min pris.
Explore Jesaja 42:8
3
Jesaja 42:1
Sjå min tenar, som eg styd, min utvalde som mi sjel hev hugnad i! Eg legg min Ande på han, rett skal han føra ut til heidningfolki.
Explore Jesaja 42:1
4
Jesaja 42:3-4
Den brotne røyri skal han ikkje knasa, rjukande veiken skal han ikkje sløkkja; på rette måten skal han bera retten ut til dei. Han trøytnar ikkje, og hans kraft skal ikkje brotna fyrr han fær grunnlagt rett på jordi; øylandi ventar på hans lov.
Explore Jesaja 42:3-4
5
Jesaja 42:16
Blinde vil eg leida på ein veg dei ikkje kjenner; etter stigar dei ikkje kjenner, vil eg føra dei; det myrke framanfor dei vil eg gjera ljost, og bakkeland til flate sletta. Dette er det eg vil gjera og slett ikkje lata vera.
Explore Jesaja 42:16
6
Jesaja 42:9
Dei ting som er varsla fyrr, sjå, dei er komne, og no varslar eg nye ting; endå fyrr dei renn upp, forkynner eg dykk dei.
Explore Jesaja 42:9
Home
Bible
Plans
Videos