1
Forkynnaren 3:1
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen
Compare
Explore Forkynnaren 3:1
2
Forkynnaren 3:2-3
ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp, ei tid for å drepa, ei tid for å lækja, ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja
Explore Forkynnaren 3:2-3
3
Forkynnaren 3:4-5
ei tid for å gråta, ei tid for å le, ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa, ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar, ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera
Explore Forkynnaren 3:4-5
4
Forkynnaren 3:7-8
ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop, ei tid for å teia, ei tid for å tala, ei tid for å elska, ei tid for å hata, ei tid for krig og ei tid for fred.
Explore Forkynnaren 3:7-8
5
Forkynnaren 3:6
ei tid for å leita, ei tid for å mista, ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta
Explore Forkynnaren 3:6
6
Forkynnaren 3:14
Eg skjøna at alt Gud gjer, står gjennom alle tider. Ingen kan leggja noko til, og ingen kan trekkja noko frå. Gud har gjort det slik for at menneska skal ha ærefrykt for han.
Explore Forkynnaren 3:14
7
Forkynnaren 3:17
Då sa eg til hjartet mitt: Det er Gud som skal dømma den som gjer rett og den som gjer urett. Ja, han har fastsett ei tid for alle ting og for alt som blir gjort.
Explore Forkynnaren 3:17
Home
Bible
Plans
Videos