1
Forkynnaren 2:26
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Ja, Gud gjev visdom, kunnskap og glede til den som er god i hans auge. Men den som syndar, gjev han strevet med å samla og sanka, og sidan må han gje alt saman til den som er god i Guds auge. Dette òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.
Compare
Explore Forkynnaren 2:26
2
Forkynnaren 2:24-25
Ingen ting er betre for eit menneske enn å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev. Men eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand. For kven kan eta og vera glad utan at det er gjeve av han?
Explore Forkynnaren 2:24-25
3
Forkynnaren 2:11
Så vende eg blikket mot alt mine hender hadde gjort, alt eg hadde samla ved å arbeida. Og sjå, alt var like fåfengt som å gjeta vinden. Det er ingen ting å vinna under sola.
Explore Forkynnaren 2:11
4
Forkynnaren 2:10
Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte; eg nekta meg inga glede. Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid, og det var løna for mitt strev.
Explore Forkynnaren 2:10
5
Forkynnaren 2:13
Eg såg at visdom er betre enn dårskap, slik lyset er betre enn mørkret.
Explore Forkynnaren 2:13
6
Forkynnaren 2:14
Den vise har auge i hovudet, men dåren går omkring i mørker. Men eg skjøna òg at slik det går med den eine, slik går det med begge.
Explore Forkynnaren 2:14
7
Forkynnaren 2:21
For ein mann kan vinna mykje med visdom, kunnskap og dugleik, men må likevel gje det i arv til ein annan som ikkje har hatt noko strev med det. Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.
Explore Forkynnaren 2:21
Home
Bible
Plans
Videos