1
Forkynnaren 1:18
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
For med stor visdom følgjer mange sorger. Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte.
Compare
Explore Forkynnaren 1:18
2
Forkynnaren 1:9
Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola.
Explore Forkynnaren 1:9
3
Forkynnaren 1:8
Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå, og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
Explore Forkynnaren 1:8
4
Forkynnaren 1:2-3
Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt! Kva har mennesket att for sitt strev, for alt det strevar med under sola?
Explore Forkynnaren 1:2-3
5
Forkynnaren 1:14
Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!
Explore Forkynnaren 1:14
6
Forkynnaren 1:4
Slekter går, og slekter kjem, men jorda er alltid den same.
Explore Forkynnaren 1:4
7
Forkynnaren 1:11
Ingen minnest det som hende før. Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer.
Explore Forkynnaren 1:11
8
Forkynnaren 1:17
Eg la meg på hjartet å læra kva som er visdom, og kva som er dårskap og uforstand. Men eg fann at det òg var som å gjeta vinden.
Explore Forkynnaren 1:17
Home
Bible
Plans
Videos