1. Mosebok 32

32
Jakob fer lenger; han møter englar, sender bod til Esau, bror sin, og fær vita at han kjem imot han med 400 mann, 1-6. Han vert redd, bed Gud um hjelp og sender bror sin store gåvor, 7-21. Han gjeng med folket sitt yver Jabbok, strider med Gud, som velsignar han og gjev han namnet Israel, 22-32.
1Og Jakob for sin veg framigjenom, og Guds englar møtte han.#Sal 34,8 2Då Jakob såg dei, sa han: Dette er Guds herlæger, og han kalla den staden Mahana'im.#32,2 Mahana'im d. e. tvilæger eller tvo herar (hopar). 3Og Jakob sende folk fyre seg til Se'irlandet, til Edomsmarki, med bod til Esau, bror sin. 4Og han dei fyre: So skal du segja til herren min, Esau: So segjer Jakob, tenaren din: Eg hev halde til hjå Laban og trøytt der til no. 5Og eg hev fenge meg uksar og asen og småfe og drenger og gjentor og no var eg huga til å senda deg bod um dette, herre bror, um eg kunde gjera deg blid på meg.#1 Mos 30,43 6Og dei kom attende til Jakob og sa: Me råka Esau, bror din; og rett no kjem han sjølv til møtes med deg, og fire hundrad mann med han. 7Då vart Jakob ovleg redd, og det var so bringa hans vilde snøra seg i hop. Og han bytte folket som var med han, og sauene og nauti og kamelane i tvo læger. 8For han tenkte: Um Esau kjem yver det eine lægret og slær det ned, so kann det lægret som att er, få berga seg undan. 9Og Jakob sa: Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sa til meg: Far attende til landet ditt og folket ditt, og eg skal gjera vel imot deg -#1 Mos 31,3.13 10eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og er eg vorten til tvo læger.#2 Sam 7,18; Matt 8,8 11Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so redd han; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born. 12Du hev då sjølv sagt: Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.#1 Mos 28,14 13So var han der um natti, og av alt det han åtte, tok han ut ei gåva til Esau, bror sin: 14tvo hundrad geiter og tjuge bukkar, tvo hundrad søyor og tjuge verar, 15tretti mjølkekamelar med føli deira, fyrti kyr og ti uksar, tjuge asenfyljor og ti asenfolar. 16Og han let drengene sine fara i vegen med dette, kvar drift for seg, og sa til dei: Far de fyre meg, og lat det vera eit godt stykke millom kvar drift! 17So sa han til den fyrste av dei: Når Esau, bror min, møter deg og han talar til deg og spør: Kven høyrer du til, og kvar skal du av, og kven eig den bølingen du driv fyre deg? - 18då skal du segja: Jakob, tenaren din; det er ei gåva han sender Esau, herren min, og snart kjem han sjølv etter. 19Sameleis tala han til den andre og den tridje og til alle drivarane og sa: Soleis skal de tala til Esau når de møter han, 20de skal segja: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter. For han tenkte: Eg vil blidka han med denne gåva som eg sender fyre meg, og sidan vil eg sjå han i andletet; kann henda han då tek vel imot meg. 21So for dei fyre med gåva, og sjølv var han i lægret den natti. 22Same natti reis han upp og tok båe konone og båe ternone sine og alle dei elleve sønene sine og gjekk yver Jabbokvadet. 23Han tok og flutte dei yver åi, og alt det han åtte, førde han yver. 24So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med han radt til i dagingi. 25Og då mannen såg at han ikkje kunde råda med han, tok han burtpå mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst. 26Og han sa: Slepp meg, for no er det dagen! Men Jakob sa: Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg. 27Då spurde mannen: Kva heiter du? Han svara: Jakob. 28Då sa mannen: Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel. For du hev stridt med Gud og med menneske og vunne.#1 Mos 35,10; Hos 12,4-5#32,28 Israel d. e. ein som strider mot Gud. 29Og Jakob spurde han og sa: Kjære deg, seg meg namnet ditt! Men han svara: Kvi spør du etter namnet mitt? Og han velsigna han der.#Dom 13,17-25; 2 Mos 3,13 30Og Jakob kalla den staden Pniel; for eg hev set Gud andlet mot andlet, sa han og endå berga livet.#2 Mos 20,19; 33,20; 5 Mos 5,24-31#32,30 Pniel Pniel eller Pnuel: Guds andlet. 31Og med same han var komen framum Pnuel, rann soli. Og han var halt i mjødmi. 32Difor er det so den dag i dag at Israels-borni aldri et den store seni som er på mjødmeskåli, av di han tok burtpå mjødmeskåli hans Jakob på den store seni der er.

Kleurmerk

Deel

Kopieer

None

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan

Video vir 1. Mosebok 32