1. Mosebok 24

24
Abraham sender tenaren sin til å henta ei kona åt Isak av hans eigi ætt, 1-9. Tenaren kjem til Karan, der Betuel, brorson hans Abraham, bur; Gud leider og velsignar han, so ærendi lukkast for han, og han fær med seg Rebekka, dotter hans Betuel, heimat. Isak tek henne til kona, 10-67.
1Abraham var gamal og langt uti åri, og Herren hadde velsigna han i eitt og alt. 2Då sa Abraham til tenaren sin, han som var den eldste i huset og rådde yver alt det han åtte: Kjære deg, legg handi di i fanget mitt,#1 Mos 15,2; 47,29 3so vil eg taka ein eid av deg ved Herren, som er Gud i himmelen og på Gud jordi, at du ikkje skal lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana'ans-folket, som eg bur i lag med;#1 Mos 28,1-5 4men til heimlandet mitt og til mitt eige folk skal du fara og festa ei kona åt Isak, son min. 5Då sa tenaren til han: Men um no ikkje ho vil fylgja meg hit til dette landet, skal eg då taka son din attende til det landet du er komen ifrå? 6Og Abraham svara: Vara deg so du ikkje fer dit att med son min! 7Herren, Gud i himmelen, som tok meg ut or farshuset mitt og fødesheimen min, og som tala til meg og svor meg til og sa: Di ætt vil eg gjeva dette landet - han skal senda sin engel fyre deg, so du der finn ei kona åt son min.#1 Mos 12,7; 2 Mos 23,20 8Men vil ho ikkje fylgja deg, so skal du vera løyst ifrå eiden; far berre ikkje dit att med son min! 9Då la tenaren handi si i fanget åt Abraham, husbonden sin, og svor han eiden på dette. 10So tok tenaren ti kamelar av dei som husbonden hans åtte, og for av garde, og med seg hadde han alle slag gilde ting som høyrde husbonden hans til; og han tok ut og for til Mesopotamia, til byen hans Nakor. 11Og han let kamelane leggja seg ned utanfor byen, innmed vassbrunnen; det var i kveldingi, det belet då kvinnone plar koma ut og henta vatn. 12Og han bad: Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, å, lat det laga seg godt for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min! 13Sjå, no stend eg her innmed vasskjelda medan døtterne åt bymennene kjem ut etter vatn. 14Lat det då vera so at de møyi som eg segjer dette til: Kjære vene, halla på krukka di, og lat meg få drikka! og som svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg og gjeva drikka! - at ho er den du hev etla åt Isak, tenaren din, og på det skal eg skyna at du hev gjort vel mot husbonden min! 15Og sjå, fyrr han hadde tala til endes, bar det so til at Rebekka, dotter hans Betuel, son åt Milka og Nakor, bror hans Abraham, kom ut med krukka si på oksli.#Jes 65,24; 1 Mos 22,23 16Det var ei ovven gjenta, ei ungmøy, som ingen kar hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda og fyllte krukka si og kom upp att. 17Då sprang tenaren imot henne og sa: Kjære vene, lat meg få drikka litt vatn av krukka di! 18Og ho sa: Drikk, gode herre! og ho skunda seg og tok krukka si ned i handi og gav han drikka. 19Og då han hadde drukke seg utyrst, sa ho: No skal eg henta vatn åt kamelane dine og, til dei fær nøgdi si. 20So nøytte ho seg og tømde krukka i vasstroi, og sprang so burt til brunnen att etter vatn, og ho brynnte alle kamelane hans. 21Og mannen stirde på henne og tagde; han vilde sjå um Herren hadde late ferdi hans lukkast eller ikkje. 22Då so kamelane hadde drukke, tok mannen fram ein gullring som vog ein halv sekel, og tvo gullband som ho skulde hava kring armane; dei vog ti sekel. 23Og han sa: Kven er du dotter åt? Kjære deg, seg meg det! Hev far din rom til å hysa oss i natt? 24Og ho svara: Eg er dotter hans Betuel, son åt Nakor og Milka.#1 Mos 22,20.23 25Me hev fullt upp både av halm og for, sa ho til han, og husrom for dykk hev me og. 26Då la mannen seg på kne og tilbad Herren 27og sa: Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min! Han hev ikkje gløymt sin nåde og truskap mot husbonden min. Herren hev leidt meg rette vegen fram til brorfolket åt husbonden min! 28Men møyi sprang heim til mor si og fortalde alt dette. 29Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Og Laban sprang ut til kjelda, til mannen. 30For då han fekk sjå ringen og gullbandi som syster hans hadde kring armane, og då han høyrde Rebekka, syster hans, sa: Det og det sa mannen til meg, so gjekk han og vilde finna mannen, og sjå, der stod han hjå kamelane attmed kjelda. 31Då sa han: Kom inn, du som Herren hev velsigna! Kvi stend du her ute? Og eg hev skipa i huset og stelt til rom åt kamelane! 32So gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane; og hin kom med halm og for åt kamelane og med vatn åt han og dei som var med han, til å två føtene i. 33Og dei sette fram mat åt han; men han sa: Eg vil ikkje eta fyrr eg hev bore upp målemnet mitt. Han sa: Seg fram! 34Då sa han: Eg er tenaren hans Abraham. 35Herren hev storleg velsigna husbonden min, so han hev vorte rik; han hev gjeve han sauer og naut og sylv og gull og drenger og gjentor og kamelar og asen.#1 Mos 13,2 36Og Sara, kona åt husbonden min, åtte ein son på sine gamle dagar; honom hev han gjeve alt det han eig.#1 Mos 21,2 37Og husbonden min tok ein eid av meg og sagt: Du skal ikkje lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana'ans-folket, som eg bur i lag med. 38Men til farshuset mitt skal du fara og til mi eiga ætt og festa ei kona åt son min. 39Då sa eg til husbonden min: Men um no ikkje ho vil fylgja meg? 40Og han sa til meg: For Herrens åsyn hev eg ferdast; han skal senda sin engel med deg og lata ferda di lukkast, so du finn ei kona åt son min av mi eigi ætt og i farshuset mitt.#1 Mos 17,1 41Då skal du vera løyst ifrå eiden, når du kjem til mi eigi ætt; og vil dei ikkje gjeva deg henne, so er du og løyst ifrå eiden. 42So kom eg då i dag til kjelda, og eg sa: Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min! Å vilde du lata ferdi mi lukkast for meg! 43Sjå, no stend me her innmed vasskjelda; lat det då vera so: når det kjem ei møy ut etter vatn, og eg segjer til henne: Kjære vene, lat meg få drikka litt vatn av krukka di, 44og ho segjer til meg: Drikk du, og til kamelane dine skal eg og henta vatn - so er ho den kvinna som Herren hev etla åt son til husbonden min. 45Fyr eg hadde tala til endes, sjå, då kom Rebekka ut med krukka si på oksli, og ho gjekk ned til kjelda og auste upp vatn. Og eg sa til henne: Kjære vene, lat meg få drikka! 46Då skunda ho seg og tok krukka si ned av oksli og sa: Drikk du, og kamelane dine skal eg og gjeva drikka. So drakk eg, og kamelane gav ho og vatn. 47Og eg spurde henne: Kven er du dotter åt? Ho svara: Dotter hans Betuel, son åt Nakor og Milka. Då sette eg ringen i nosi hennar og gullbandi på armane hennar. 48Og eg la meg på kne og tilbad Herren, eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, for di han hadde styrt meg på rette vegen til å finna brordotter åt husbonden min for son hans. 49Vil de no vera snilde og trugne mot husbonden min, so seg meg det, og vil de ikkje, so seg meg det, so eg kann venda meg på ei onnor leid! 50Då svara Laban og Betuel og sa: Dette kjem frå Herren! Me kann ingen ting segja deg, korkje vondt eller godt. 51Sjå her hev du Rebekka! Tak henne og far heim att og lat son åt husbonden din få henne til kona, som Herren hev sagt! 52Då tenaren hans Abraham høyrde dei ordi, la han seg å gruve og tilbad Herren. 53Og tenaren tok fram sylvty og gullty og klæde og gav Rebekka, og bror hennar og mor hennar gav han og gode gåvor. 54So åt dei og drakk, han og dei mennene som var med han, og dei var der um natti. Men då dei reis upp um morgonen, sa han: Lat meg få fara heim att til husbonden min! 55Då sa bror hennar og mor hennar: Lat møyi få drygja eit bel hjå oss, ei åtte ti dagar; sidan kann du fara! 56Men han sa til dei: Heft meg ikkje, no Herren hev late ferdi mi lukkast! Lat meg få taka i veg og fara heim att til husbonden min! 57Då sa dei: Lat oss ropa på møyi og spyrja henne sjølv! 58So ropa dei på Rebekka og sa til henne: Vil du fara med denne mannen? Ho svara: Ja, det vil eg. 59So bad dei vel fara med Rebekka, syster si, og fostermor hennar og med tenaren hans Abraham og mennene hans. 60Og dei velsigna Rebekka og sa til henne: Du syster vår, måtte du verta til tusund gonger titusund, og måtte ætti di taka borgene frå sine uvener!#1 Mos 22,17 61Og Rebekka og møyene hennar ferda seg til å stiga på kamelane og fylgde mannen. Og tenaren tok Rebekka med seg og for av garde. 62Isak var nyst heimkomen; han hadde vore burte til Lakai Ro'i-brunnen; for han budde i sudlandet.#1 Mos 16,14; 25,11 63Og Isak gjekk ut på marki og vilde hava ei stund for seg sjølv då det for til å kvelda. Og då han såg upp og skoda kring seg, sjå, då kom der kamelar. 64Og Rebekka såg upp og gådde Isak. Då sprang ho ned av kamelen 65og sa til tenaren: Kven er denne mannen som kjem imot oss på marki? Tenaren sa: Det er husbonden min. Då tok ho sløret og hadde det for andletet. 66So fortalde tenaren Isak alt det han hadde gjort. 67Og Isak leidde henne inn i den tjeldbui som Sara, mor hans, hadde havt, og tok Rebekka heim til seg, og ho vart kona hans, han heldt henne kjær. So fekk Isak trøyst i sorgi yver mor si.#1 Mos 25,20

Kleurmerk

Deel

Kopieer

None

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan

Video vir 1. Mosebok 24