Apostelgjerningane 5

5
Ananias og Saffira
1Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom. #4,34f 2Men han gøymde unna noko av pengane, og det visste kona om; det han la fram for apostlane, var berre ein del av summen. 3Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du laug for Den Heilage Ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di? #Joh 13,2 4Kunne du ikkje ha halde på jorda di? Ho var då di. Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Korleis kunne du finna på å gjera dette? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.» 5Då Ananias høyrde det, seig han saman og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det. 6Nokre unge menn kom og sveipte inn liket. Så bar dei han ut og gravla han.
7Ikring tre timar seinare kom kona hans inn; ho visste ikkje kva som hadde hendt. 8Peter spurde henne: «Var dette alt de fekk for jorda?» «Ja,» svara ho, «det var alt.» 9Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de verta samde om å freista Herrens Ande? Høyr, utanfor døra kjem dei som har gravlagt mannen din, og no skal dei bera deg ut.» 10Og straks seig ho saman ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne livlaus, og dei bar henne ut og gravla henne attmed mannen hennar. 11Og det kom stor otte over heile kyrkjelyden og alle som høyrde om det.#2,43
Teikn og under
12Mange var dei teikn og under apostlane fekk makt til å gjera mellom folket. Og alle dei truande heldt saman og møttest i Salomos bogegang. #3,11 13Ingen annan våga å vera saman med dei; men folket sette dei høgt. #2,47 14Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til kyrkjelyden, menn og kvinner i stor mengd. #2,41+ 15Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom. #Mark 6,56; Apg 19,11f 16Jamvel frå byane kring Jerusalem kom det folk i mengd som bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.
Nytt forhøyr
17Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det er saddukearpartiet. Arge og sinte som dei var, #4,1 18greip dei apostlane og kasta dei i byfengslet. 19Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa: #12,7 20«Gå og stell dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile bodskapen om livet!» #Joh 6,68 21Då dei høyrde desse orda, gjekk dei fram imot morgonen til templet, og der lærte dei folket.
Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengslet etter apostlane. 22Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane i fengslet. Dei kom attende og sa frå: 23«Vi fann fengslet forsvarleg stengt, og vaktarane stod ved portane. Men då vi låste opp, fann vi ingen der inne.» 24Denne meldinga gjorde hovdingen for tempelvakta og overprestane rådville, og dei spurde seg sjølve kva dette kunne føra til. 25I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og lærer folket.» 26Hovdingen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for at folket skulle steina dei. 27Så tok dei dei med seg og førte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut: 28«Vi forbaud dykk strengt å læra i dette namnet. Og no har de spreitt læra dykkar over heile Jerusalem og vil gje oss skulda for at denne mannen døydde.» #Matt 27,25; Apg 4,18 29Men Peter og dei andre apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske! #4,19 30Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av. #3,15 31Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene. #2,33+; 2,38+; Hebr 2,10 32Vi er vitne om alt dette, vi og Den Heilage Ande, som Gud har gjeve dei som lyder han.»#Matt 10,20; Joh 15,26f; Apg 1,8+; 15,28
33Då dei høyrde det, vart dei rasande og sette seg føre å rydja dei or vegen. 34Men då reiste det seg ein mann i Rådet, farisearen Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt. Han bad dei føra apostlane ut ei lita stund #22,3 35og tok så ordet: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! 36For ei tid sidan steig Teudas fram; han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken hans løyste seg opp og vart til inkjes. 37Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han fekk folk med seg på eit opprør, men han miste livet, og alle som fylgde han, vart spreidde. 38Og no seier eg dykk: Lat desse mennene vera! Lat dei gå! For dersom det dei tek seg føre, berre er menneskeverk, vert det ingenting av det. 39Men er det av Gud, kan de ikkje stogga dei. Ta dykk i vare! Elles kunne det syna seg at de strider mot Gud.» Dei fylgde rådet hans 40og kalla inn att apostlane, lét dei piska og forbaud dei å tala i Jesu namn. Så lét dei dei gå. #Matt 23,34 41Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var haldne verdige til å lida vanære for Jesu namn skuld.#Matt 5,10ff; Fil 1,29; 1 Pet 4,13 42Både i templet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å læra og forkynna den bodskapen at Jesus er Messias.#2,46; 9,22+

Kleurmerk

Deel

Kopieer

None

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan