Apostelgjerningane 18

18
Paulus i Korint
1Sidan tok Paulus ut frå Aten og fór til Korint. 2Der råka han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, av di keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle ha seg bort frå Roma. Paulus tok inn hjå dei, #Rom 16,3+ 3og sidan dei dreiv same handverket, vart han buande hjå dei, og dei arbeidde i lag. For dei var teltmakarar. #20,33ff; 1 Kor 4,12; 1 Tess 2,9; 2 Tess 3,8 4Men kvar sabbat tala han med folk i synagoga, og overtydde både jødar og grekarar. 5Og då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias. #2 Kor 1,19; 1 Tess 3,6; Apg 9,22+ 6Men då dei sette seg imot og spotta, riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Heretter går eg til heidningane.» #Matt 10,14; Apg 13,46+ 7Dermed gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som trudde på Israels Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagoga. 8Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.#1 Kor 1,14 9Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala! #1 Kor 2,3 10Eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg eller gjera deg noko vondt; for eg har mykje folk i denne byen.» #2 Mos 3,12; Jos 1,5.9; Jes 41,10; 43,5; Matt 28,20 11Så vart han buande der i eit år og seks månader og lærte dei Guds ord.
12Medan Gallio var fylkeshovding i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen. #18,12 Gallio bror til filosofen Seneca, guvernør i Akaia 51–52 e.Kr. 13«Denne mannen,» sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.» 14Paulus ville nett ta ordet då Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller eit skarvestykke det galdt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar. #23,29; 25,18f 15Men er det strid om ei lære og om namn og om dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera domar i slike saker.» 16Dermed jaga han dei bort frå domstolen. 17Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor domarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.
Attende til Syria
18Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og siglde til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men fyrst klypte han håret i Kenkreæ; for han hadde ein lovnad på seg. #18,18 ein lovnad truleg nasirearlovnaden. Sjå 4 Mos 6,2ff. Så lenge lovnaden galdt, til vanleg i 30 dagar, måtte han la vera å klyppa håret. #4 Mos 6,2ff; Apg 21,24 19Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre; han gjekk til synagoga og gav seg i samtale med jødane. 20Dei bad han vera lenger, men det ville han ikkje. 21Då han tok avskil, sa han til dei: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så la han ut frå Efesos. #Jak 4,15+ 22Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp og helsa på kyrkjelyden. Så fór han ned til Antiokia.#18,22 kyrkjelyden truleg kyrkjelyden i Jerusalem.
Paulus på tredje misjonsferda
(18,23–21,16)
Apollos
23Der vart han verande ei tid, men tok så ut att. Han fór gjennom Galatia-landet og Frygia og styrkte alle læresveinane. 24Ein jøde som heitte Apollos og var fødd i Aleksandria, kom no til Efesos. Han var ein dugande talar og vel kjend i skriftene. #1 Kor 1,12; 3,5f; 16,12 25Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg, og brennande ihuga som han var, forkynte og lærte han rett og reint om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. #19,2ff 26Han tok til å tala fritt og ope i synagoga, og der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg. #18,2 27Sidan fekk han hug å fara over til Akaia, og brørne talde han til det; dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han til stor hjelp for dei som ved Guds nåde hadde kome til tru. 28For med stor kraft sette han jødane til veggs når han i ope ordskifte prova ut frå skriftene at Jesus var Messias.#9,22f

Kleurmerk

Deel

Kopieer

None

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan