Apostelgjerningane 15
15
Møtet i Jerusalem
1Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å læra brørne: «Dersom de ikkje fylgjer den skikken vi har frå Moses, og lèt dykk omskjera, kan de ikkje verta frelste.» #3 Mos 12,3; Gal 1,6f; 5,2 2Paulus og Barnabas kom i strid med dei, og det vart eit kvast ordskifte. Då vart det vedteke at Paulus og Barnabas og nokre av dei andre skulle fara opp til Jerusalem og leggja spørsmålet fram for apostlane og dei eldste. #Gal 2,1ff 3Kyrkjelyden sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Og kvar dei kom, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om, og med det gjorde dei brørne ei stor glede. 4Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av kyrkjelyden, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort ved dei. #14,27 5Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde teke trua, og sa: «Dei lyt omskjerast og påleggjast å halda Moselova.» #11,2 6Apostlane og dei eldste kom då saman og drøfte dette, 7og det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut ein av dykk; han ville at heidningane av min munn skulle få høyra evangelieordet og koma til tru. #10,1ff 8Og Gud som kjenner alle hjarto, synte at han godtok dei, då dei fekk Den Heilage Ande liksom vi. #10,44f 9Han gjorde ikkje i nokon måte skil på oss og dei; for ved trua reinsa han hjarto deira. #10,34f; Gal 2,15f 10Kvifor vil de då freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje fedrane våre eller vi orka å bera? #Matt 23,4; Gal 5,1 11Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi vert frelste, vi liksom dei.» #Rom 3,24; Gal 2,16 12Då tagna heile flokken, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde om alle dei teikn og under Gud hadde late dei gjera mellom heidningane. 13Då dei hadde tala, tok Jakob til ords og sa: «Brør, høyr på meg! 14Simeon har gjort det klårt korleis Gud for lenge sidan sytte for å vinna seg eit folk av heidningar som skal æra hans namn. #Sak 2,15 15Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:
16Sidan vil eg koma att
og reisa Davids falne hytte.
Det som er nedrive, byggjer eg opp;
eg reiser det på nytt, #Am 9,11f
17så alle andre menneske kan søkja Herren,
alle folkeslag som mitt namn er nemnt over.
Så seier Herren som gjer dette,
18det som er kjent frå æve av. #Jes 45,21
19Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud. 20Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod. #1 Mos 9,4; 3 Mos 17,10ff; 1 Kor 10,7ff 21For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.»#13,15
22Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile kyrkjelyden, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas; begge desse var vørde menn mellom brørne. 23Med dei sende dei dette brevet:
Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar brørne av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia. 24Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville med orda sine og gjort dykk urolege. Frå oss har dei inga fullmakt. #Gal 2,4 25Difor har vi samrøystes vedteke å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, 26menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn. 27Så sender vi Judas og Silas; dei skal munnleg bera fram det som står i brevet. 28Den Heilage Ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er naudsynt: #5,32+ 29at de held dykk frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!
30Så sende dei mennene av stad, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei saman kyrkjelyden og gav dei brevet. 31Dei las det og vart glade for den trøysta det gav. #13,48 32Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei. 33Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda. 34Men Silas rådde seg til å vera att. #15,34 Verset vantar i dei eldste handskriftene. 35Men Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærte og forkynte Herrens ord saman med mange andre.
Paulus på andre misjonsferda
(15,36–18,22)
Paulus og Barnabas skil lag
36Då det leid av ei tid, sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja brørne i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.» 37Barnabas ville ta Johannes med, han som dei kalla Markus. #12,12+ 38Men Paulus meinte at dei ikkje skulle ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde fylgt dei i arbeidet deira. #13,13 39Det vart ein kvass strid mellom dei, og dei skildest frå kvarandre. Barnabas tok Markus med seg og siglde til Kypros. 40Men Paulus valde Silas til fylgjesvein, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad. #14,26 41Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydane der.
Tans Gekies:
Apostelgjerningane 15: NO1978NN
Kleurmerk
Deel
Kopieer

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2