Apostelgjerningane 13
13
Paulus på fyrste misjonsferda
(Kap. 13–14)
Paulus og Barnabas vert utsende
1I kyrkjelyden i Antiokia var det nokre profetar og lærarar; der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til Herodes, fylkeskongen, og Saulus. 2Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den Heilage Ande: «Ta ut Barnabas og Saulus åt meg, og lat dei gå til den gjerning eg har kalla dei til!» #9,15+; 22,21+ 3Då heldt dei faste og bøn, la så hendene på dei og lét dei fara. #14,23 4Dei som såleis var utsende av Den Heilage Ande, fór fyrst ned til Seleukia, og derifrå siglde dei til Kypros. 5Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogene. Johannes var med og hjelpte dei. #12,12+ 6Dei fór tvert over øya, heilt til Pafos. Der råka dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus. 7Han heldt til hjå fylkeshovdingen Sergius Paulus. Det var ein vitug mann, og han bad Barnabas og Saulus til seg av di han gjerne ville høyra Guds ord. 8Men Elymas, trollmannen – som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få fylkeshovdingen bort frå trua. 9Då vart Saulus, som òg heittePaulus, fylt av Den Heilage Ande. Han såg kvast på trollmannen 10og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete? #Joh 8,44; 1 Joh 3,8; Hos 14,10 11No legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda vart det svart for augo hans, og han trivla seg fram og leita etter einkvan som kunne leia han. 12Då fylkeshovdingen såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.
Paulus talar i Antiokia i Pisidia
13Så siglde dei av stad, Paulus og dei som var med han, og fór frå Pafos til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog attende til Jerusalem. #13,5; 15,38 14Dei andre tok ut att frå Perge og kom til Antiokia i Pisidia, og på sabbatsdagen gjekk dei inn i synagoga og sette seg. 15Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane bod til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til påminning for folket, så tal!» #15,21 16Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:
Israelittiske menn og de andre som trur på Gud, høyr på meg! #13,16 de andre som trur på Gud (i v. 26 òg) [10,2.] 17Han som er Gud åt Israels-folket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med opplyft arm førte han dei ut derifrå. #2 Mos 6,6ff 18I om lag førti år sytte han for dei i øydemarka. #5 Mos 1,31; 2,7 19Han øydde ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige. #5 Mos 7,1 20Dette gjekk føre seg i om lag fire hundre og femti år. Sidan gav han dei domarar; den siste av dei var profeten Samuel. #Dom 2,16; 3,9 21Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta, og han var konge i førti år. #1 Sam 8–10 22Men Gud tok riket frå han og gjorde David til kongen deira. Han fekk dette vitnemålet av Gud: Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarta; han kjem til å gjera alt det eg vil. #1 Sam 13,14; 16,12f; Sal 89,21 23I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova; det er Jesus. #2 Sam 7,12; Jes 11,1 24Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket. #Luk 3,3 25Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.»#Mark 1,7; Joh 1,20
26Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt. 27For dei som bur i Jerusalem, og leiarane deira kjende han ikkje, men dømde han og oppfylte med det dei profetord som vert lesne kvar sabbat. #Joh 16,3; Apg 3,17 28Dei fann ikkje noko som dei kunne døma han til døden for, men kravde at Pilatus skulle rydja han or vegen. #Luk 23,18ff 29Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå krossen og la han i ei grav. #Luk 23,50ff 30Men Gud reiste han opp frå dei døde, #2,24+ 31og sidan synte han seg mange dagar for dei som hadde fylgt han frå Galilea opp til Jerusalem, dei som no er hans vitne for folket. #1,3.8+ 32Og no kjem vi til dykk med den glade bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre, #13,23 33den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen:#Sal 2,7; Hebr 1,5; 5,5
Du er son min,
eg har født deg i dag.
34Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil oppfylla for dykk dei heilage og ubrytelege lovnadene som David fekk. #Jes 55,3 35Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage gå til grunne. #Sal 16,10 36David var ein tenar for Guds plan så lenge han levde. Så døydde han og vart gravlagd hjå fedrane sine. Han gjekk til grunne. #2,29ff+ 37Men han som Gud reiste opp, gjekk ikkje til grunne. 38Så skal de då vita, brør, at ved han vert det forkynt dykk forlating for syndene. Alt det som de ikkje kunne verta frikjende for ved Moselova, #2,38+; Rom 8,3 39det vert kvar den som trur, frikjend for ved han. #Rom 1,16f; 10,4 40Ta dykk i vare, så det ikkje skal koma over dykk, det som er sagt av profetane:
41Sjå, de som er fulle av vanvørdnad,
de skal undra dykk og verta til inkjes.
For eit verk gjer eg i dykkar dagar,
eit verk som de ikkje ville tru
om det vart dykk fortalt. #Hab 1,5
42Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg. 43Og då synagogemøtet var slutt, var det mange som fylgde dei, både jødar og heidningar som hadde gått over til jødetrua. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjarta at dei måtte halda fast ved Guds nåde. #11,23 44Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Guds ord. 45Men då jødane såg alt dette folket, vart dei oppeggja; dei spotta og la imot det Paulus forkynte. 46Då tok Paulus og Barnabas til ords og sa beint ut: «Det var naudsynt at Guds ord fyrst vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane. #Matt 21,43+; Apg 3,26; 18,6; 28,28; Rom 1,16 47For dette er Herrens bod til oss:#Jes 49,6
Eg har gjort deg til eit ljos for folkeslag,
så du skal bera frelse til heimsens ende.»
48Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var etla til evig liv. #11,18; Rom 8,29f 49Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet. 50Men jødane øste opp dei fremste kvinnene som dyrka Gud, og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfylging mot Paulus og Barnabas og jaga dei ut or bygdene sine. 51Då riste dei støvet av føtene mot dei og fór til Ikonium. #Matt 10,14; Apg 18,6 52Men læresveinane vart fylte av glede og av Den Heilage Ande.
Tans Gekies:
Apostelgjerningane 13: NO1978NN
Kleurmerk
Deel
Kopieer

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2