1. Mosebok 16
16
Hagar og Ismael
1Sarai, kona til Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei egyptisk trælkvinne som heitte Hagar. 2Sarai sa til Abram: «Du veit, Herren har ikkje vilja la meg få born. Gå inn til trælkvinna mi! Kan henda ho får ein son til meg.» Og Abram gjorde som Sarai sa. #30,3.9 3Etter at Abram hadde butt ti år i Kanaan, tok Sarai, kona hans, trælkvinna si, Hagar frå Egypt, og lét mannen sin, Abram, få henne til kone. 4Han låg med Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvørde ho matmor si. #1 Sam 1,6 5Då sa Sarai til Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg har sjølv late deg ta trælkvinna mi i fang. Men no, når ho ser at ho er med barn, vanvørder ho meg. Herren skal døma mellom meg og deg!» #1 Sam 24,13.16 6Då sa Abram til Sarai: «Du rår sjølv over trælkvinna di. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg.
7Herrens engel fann henne attmed ei kjelde i øydemarka, attmed kjelda på vegen til Sjur. #16,7 Sjur øydemarkstrok i nordluten av Sinai-halvøya. Sml. 25,18; 1 Sam 15,7. #22,11.15; 2 Mos 3,2; 4 Mos 22,22ff; Dom 2,1.4 8Og han sa: «Hagar, trælkvinna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg har rømt frå Sarai, matmor mi.» 9Då sa Herrens engel til henne: «Gå heim att til matmor di, og bøy deg under handa hennar!» 10Og han heldt fram: «Stor vil eg gjera ætta di; reint uteljande skal ho verta.» #17,20; 21,13.18; 25,12ff 11Så sa Herrens engel til henne:
«No er du med barn,
og du skal få ein son;
han skal du kalla Ismael,
for Herren har høyrt kva du leid.#16,11 Ismael Namnet tyder «Gud høyrer».
12Han skal verta eit villesel til kar.
Hans hand skal vera vend mot alle
og alle hender mot han;
beint framfor alle sine frendar
skal han slå seg ned.»
13Då kalla ho Herren, som hadde tala til henne: «Du er Gud som ser.» For ho sa: «Kan det vera råd at eg her har sett skimten av han som ser meg?» 14Difor kallar dei den brunnen Lakai-Ro'i-brunnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.#16,14 Lakai-Ro'i-brunnen «brunnen til den levande som ser meg»; sml. v. 13. #24,62; 25,11
15Abram fekk ein son med Hagar, og han kalla sonen som han hadde fått med henne, Ismael. 16Abram var 86 år gamal då han fekk Ismael med Hagar.
Okuqokiwe okwamanje:
1. Mosebok 16: NO1978NN
Qhakambisa
Dlulisela
Kopisha
Ufuna ukuthi okuvelele kwakho kugcinwe kuwo wonke amadivayisi akho? Bhalisa noma ngena ngemvume
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2