1. Mosebok 14
14
Abram vinn over fire kongar
1På den tid Amrafel var konge i Sinear, Arjok konge i Ellasar, Kedor-Laomer konge i Elam og Tidal konge over Gojim, 2vart det ufred mellom desse kongane og Bera, kongen i Sodoma, Birsja, kongen i Gomorra, Sjinab, kongen i Adma, Sjemeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, det som no heiter Soar. 3Alle desse slo seg saman og drog til Siddim-dalen, der Saltsjøen er no.#14,3 Saltsjøen Daudehavet.
4Tolv år hadde dei stått under Kedor-Laomer, men i det trettande reiste dei seg mot han. 5Og fjortande året kom Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, og dei slo refaittane ved Asjterot-Karnajim, susittane ved Ham og emittane på Kirjatajim-sletta. 6Horittane slo dei på Se'ir-fjella og forfylgde dei heilt til El-Paran, som ligg utmed øydemarka. 7Så snudde dei og kom til Domskjelda, det er det same som Kadesj. Dei tok heile amalekittlandet og la under seg dei amorittane som budde i Haseson-Tamar.
8Kongane i Sodoma, Gomorra, Adma, Sebojim og Bela, som no heiter Soar, tok ut og fylka seg til strid mot dei i Siddim-dalen, 9mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem. 10Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver. Og då kongane i Sodoma og Gomorra laut røma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells. 11Så tok fiendane alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira og drog bort. 12Og dei tok med seg Lot, brorson til Abram, og alt det han åtte, og drog av stad. Lot budde i Sodoma.
13Ein av dei som hadde sloppe unna, kom og fortalde dette til Abram, hebrearen. Han budde attmed eikelunden åt amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde pakt med Abram.
14Då Abram fekk høyra at frenden hans var fanga, mønstra han alle dei våpenføre mennene som var fødde og fostra i huset hans, 318 i talet, og sette etter kongane heilt til Dan. 15Der delte han flokken sin og tok på dei om natta. Han vann over dei og forfylgde dei heilt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus. 16Så tok han att alt godset. Og Lot, frenden sin, og hans gods, tok han òg att, og like eins kvinnene og folket.
Melkisedek velsignar Abram
17Etter at Abram hadde vunne over Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, tok han på heimveg. Då kom kongen i Sodoma imot han til Slettedalen, som no heiter Kongsdalen. #14,17 Kongsdalen truleg ein dal ikkje langt frå Jerusalem. Sjå 2 Sam 18,18. 18Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Den Høgste Gud. #14,18 Melkisedek konge og prest i Salem (= Jerusalem, Sal 76,3). Namnet kan tyda «Sedek (= rettferd) er konge» eller «rettferds konge». Sml. Sal 110,4; Hebr. 7.1f. #14,18 Den Høgste Gud kanaaneisk gudsnamn; det vart nytta om den guden dei dyrka i Jerusalem òg. #Sal 110,4; Hebr 7,11ff 19Han velsigna Abram og sa:
«Velsigna vere Abram av Den Høgste Gud,
han som skapte himmel og jord!
20Lova vere Den Høgste Gud,
som har gjeve dine fiendar i di hand!» #5 Mos 32,8; Sal 9,3; 57,3; 78,56; Dan 2,26; 4,2
Så gav Abram han tiend av alt.
21Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du godset!» 22Men Abram svara: «Eg retter opp handa til Herren, Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord: 23Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje ha det å seia at du gjorde Abram rik. 24Eg vil berre ha att for den maten folket åt. Og så vil eg at dei mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, skal få det dei har rett på.»
Okuqokiwe okwamanje:
1. Mosebok 14: NO1978NN
Qhakambisa
Dlulisela
Kopisha
Ufuna ukuthi okuvelele kwakho kugcinwe kuwo wonke amadivayisi akho? Bhalisa noma ngena ngemvume
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2