«Akta dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Dei elskar å sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod. Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»