YouVersion
Pictograma căutare

Johannes 8

8
Kvinna som vart teki i hor, 1-11. Jesus vitnar at han er ljoset åt verdi, og hevdar sin rett til å vitna um seg sjølv, 12-20; han vitnar atter at han er Messias, 21-29. Mange kjem til trui ved ordi hans; han lovar at han vil gjera dei frie; dei vantruande jødane er ikkje retteleg frie; dei er ikkje Abrahams eller Guds born, men born åt djevelen, 30-47. Dei harmast yver ordi hans og vil steina han; han gjeng frå dei, 48-59.
1Jesus gjekk til Oljeberget. 2Andre morgonen var han atter i templet; alt folket samla kom til han, og han sette seg og lærde dei.#Joh 7,14; Luk 21,37-38 3Då kjem dei skriftlærde og farisearane med ei kona som var teki i ekteskapsbrot; dei stelte henne midt framfor han 4og sa: Meister, denne kona hev dei kome yver medan ho gjorde hor. 5Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?#5 Mos 22,23-24 6Det sa dei av di dei vilde freista han, so dei kunde hava noko å klaga han for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki. 7Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sa: Lat den av dykk som er syndelaus, kasta den fyrste steinen på henne!#5 Mos 17,7 8So lutte han seg ned att og skreiv på marki. 9Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der. 10Då rette han seg upp og sa til henne: Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg? 11Ingen, Herre, svara ho. So dømer ikkje eg deg heller, sa Jesus: Gakk heim, og synda ikkje meir!#Joh 5,14 12So tala Jesus atter til dei og sa: Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.#Joh 1,4-5.9; 9,5; 12,35.46 13Då sa farisearane til han: Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.#Joh 5,31; 5 Mos 19,15 14Jesus svara dei so: Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå, eller kvar eg fer av. 15De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen;#Joh 7,24 16men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og Faderen, han som sende meg, er saman. 17Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter.#5 Mos 19,15; 2 Kor 13,1 18Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen som sende meg, vitnar um meg 19Kvar er Far din? sa dei då. Jesus svara: De kjenner korkje meg eller Far min; kjende de meg, so kjende de Far min og.#Joh 16,3; 14,7 20Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, medan han lærde i heilagdomen, og ingen la hand på han; for tidi hans var endå ikkje komi.#Joh 7,8.30.44 21Ein annan gong sa han til dei: Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.#Joh 7,34 22Tru han vil drepa seg sjølv, sa jødane, sidan han segjer: Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma? 23Då sa han til dei: De er nedantil, eg er ovantil; de er av denne verdi, eg er ikkje av denne verdi;#Joh 3,31-36; 1 Joh 4,5 24difor sa eg dykk at de skal døy i syndene dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i syndene dykkar.#Mark 16,16 25Kven er du? sa dei då. Nett det som eg segjer dykk? svara Jesus. 26Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av han.#Joh 3,32; 15,15 27Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til dei um. 28Difor sa Jesus: Når de fær lyft Menneskesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det.#Joh 3,14; 12,32 29Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest han.#Joh 14,10; 16,32 30Då han tala so, trudde mange på han.#Joh 2,23-25 31So sa Jesus til dei jødane som trudde på han: Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinane mine,#Joh 15,10 32og de skal få kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.#Joh 8,36; Rom 6,18; 8,2; Gal 5,1 33Me er Abrahams ætt, la dei imot, og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: De skal verta frie? 34Jesus svara: Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi.#Rom 6,16.20; 2 Pet 2,19 35Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid.#1 Mos 21,10; Gal 4,30 36Fær no Sonen gjort dykk frie, so vert de retteleg frie.#Joh 8,32 37Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk. 38Eg talar um det eg hev set hjå Far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar. 39Vår far er Abraham, svara dei. Jesus segjer: Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde;#Matt 3,9; Rom 2,28; 9,6-7 40men no legg de dykk ut um å få drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham. 41De gjer som far dykkar gjorde. - Me er ikkje fødde i hor, sa dei; me hev ein far, og det er Gud! 42Jesus sa til dei: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud og er komen frå han; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg.#Joh 16,27 43Kvi skynar de ikkje det eg segjer? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine! 44De hev djevelen til far og vil helst gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid og hev ikkje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i han. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni.#1 Joh 3,8-10; 1 Mos 3,4; 2 Kor 11,3 45Men meg trur de ikkje, av di eg segjer det som sant er. 46Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje då?#1 Pet 2,22; 1 Joh 3,5 47Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.#1 Joh 4,6; Joh 10,26; 18,37 48Då tok jødane til ords og sa til han: Er det ikkje sant som me segjer, at du er ein samaritan og er forgjord?#Joh 7,20; 10,20 49Jesus svara: Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50Men eg søkjer ikkje mi eigi æra; det er ein som søkjer henne og dømer. 51Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.#Joh 5,24; 11,25-26 52No skynar me at du er forgjord, sa jødane. Abraham hev døytt, og profetane og, og du segjer: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden! 53Er då du større enn Abraham, ættefaren vår? han døydde, og profetane døydde! Kven gjer du deg sjølv til?#Joh 4,12 54Jesus svara: Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud, 55men de hev aldri kjent han; eg kjenner han; sa eg at eg ikkje kjenner han, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner han og held meg etter hans ord.#Joh 7,28-29 56Abraham, ættefaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg han og var fegen.#1 Mos 12,3; Hebr 11,13; Luk 10,24 57Du er endå ikkje femti år, sa jødane, og so hev du set Abraham! 58Jesus sa til dei: Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.#Joh 1,1-2 59Då tok dei upp steinar og vilde kasta på han; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.#Joh 10,31; Luk 4,30

Selectat acum:

Johannes 8: NO1938N

Evidențiere

Partajează

Copiază

None

Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te