Markus 15
15
Jesus for Pilatus
(Matt 27,1–2.11–26; Luk 23,1–5.13–25; Joh 18,33–40; 19,6–16)
1Med det same morgonen rann, samrådde overprestane seg med dei eldste og dei skriftlærde, heile Rådet, og tok si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.#Luk 22,66
2Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus. 3Overprestane kom no med mange klagemål mot han. 4Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei klagar deg for!» 5Men Jesus svara ikkje eit ord, så Pilatus undra seg.#Jes 53,7; Mark 14,60f
6Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den dei sjølve bad om. 7Ein som heitte Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar. Dei hadde drepe ein mann medan opprøret stod på. 8Då no folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane, 9sa han: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?» 10For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus i hans hand. 11Men overprestane fekk eggja opp folket, så dei bad at han heller skulle gje dei Barabbas fri. #Apg 3,13f 12Då tok Pilatus til ords att og sa: «Kva skal eg då gjera med han som de kallar kongen over jødane?» 13«Krossfest han!» ropa dei imot. 14«Kva vondt har han då gjort?» spurde Pilatus. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!» 15Pilatus ville gjerne gjera folket til lags. Han gav dei Barabbas fri, men Jesus lét han piska og gav han så over til krossfesting.
Soldatane spottar Jesus
(Matt 27,27–31; Joh 19,2–3)
16Soldatane førte no Jesus inn i borggarden og kalla saman heile vaktstyrken. 17Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans. 18Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du jødekonge!» 19Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. 20Og då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han purpurkappa og hadde på han hans eigne klede.
Jesus vert krossfest
(Matt 27,31–44; Luk 23,26–43; Joh 19,17–27)
Så førte dei Jesus ut og skulle krossfesta han. 21På vegen møtte dei ein mann som kom inn frå landet, Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus; honom tvinga dei til å bera krossen hans. #Rom 16,13 22Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata, det tyder Hovudskallen. 23Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. #15,23 myrra —Sal 45,9; Matt 2,11. Blanda i vinen hadde myrra ein døyvande verknad. 24Så krossfeste dei han. Kleda hans skifte dei mellom seg og kasta lodd om kva kvar skulle ha. #Sal 22,19 25Det var ikring den tredje timen dei krossfeste han. 26Og innskrifta med klagemålet mot han lydde: «Kongen over jødane».
27Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna mellom brotsmenn. #15,28 Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Jes 53,12; Luk 22,37. 29Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! #Sal 22,8; 109,25; Mark 14,58 30Frels deg sjølv og stig ned av krossen!» 31På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
Jesus døyr
(Matt 27,45–56; Luk 23,44–49; Joh 19,28–30)
33Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen. #Am 8,9 34Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» #Sal 22,2 35Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.» #Sal 69,22 37Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned. #2 Mos 26,31ff 39Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»
40Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses. 41Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.
Jesus vert gravlagd
(Matt 27,57–61; Luk 23,50–56; Joh 19,38–42)
42Det var helgaftan, dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. #5 Mos 21,22f 43Josef frå Arimatea, ein høgvørd rådsherre, som venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam. 44Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om det var så. 45Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét han Josef få liket. 46Så kjøpte Josef eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og velte ein stein attfor gravopninga. 47Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.
Selectat acum:
Markus 15: NO1978NN
Evidențiere
Partajează
Copiază
Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2