Lukas 5
5
Peters fiskefangst
(Matt 4,18–22; Mark 1,16–20)
1Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. 3Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.#Mark 3,9
4Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.» #Joh 21,6 5«Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.» 6Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. 7Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» 9For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. 10Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!» 11Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.#18,28
Den spedalske mannen
(Matt 8,1–4; Mark 1,40–45)
12Ein gong han var i ein av byane, kom det ein mann som var full av spedalsksykje. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» 13Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil! Vert rein!» Og med det same var sjukdomen borte. 14Men Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Gå berre og vis deg for presten,» sa han, «og ber fram offer for reinsinga di, så som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» #17,14; 3 Mos 14,2ff 15Men gjetordet om han fór berre så mykje vidare, og folk kom i flokk og fylgje og ville høyra på han og verta lækte for sjukdomane sine. 16Men sjølv drog han seg attende til aude stader og var der og bad.#Mark 1,35+
Den lame mannen
(Matt 9,1–8; Mark 2,1–12)
17Ein dag heldt han på og lærte folket, og der sat det nokre farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja. 18Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus, 19men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus. 20Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.» #7,48 21Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein, som spottar Gud? Kven andre enn Gud kan tilgje synder?» #Mark 2,7+ 22Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta? 23Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå? 24Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vende han seg til den lame – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 25Og med ein gong reiste mannen seg midt for augo deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud. 26Då vart dei heilt frå seg av undring alle saman og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting.»
Jesus kallar Levi
(Matt 9,9–13; Mark 2,13–17)
27Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!» 28Då stod han opp, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus.
29Ei tid etter heldt Levi eit stort gjestebod for han heime hjå seg. Og ein heil flokk tollarar og andre sat til bords saman med dei. 30Farisearane og dei skriftlærde som var der, murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» #15,2 31Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt. 32Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»#19,10; 1 Tim 1,15
Spørsmålet om faste
(Matt 9,14–17; Mark 2,18–22)
33Så sa dei til han: «Læresveinane åt Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk.» 34Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? #Joh 3,29+ 35Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei, og når den tida kjem, då skal dei fasta.» 36Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt kledeplagg og brukar det til bot på eit gamalt. For då vert det nye kledeplagget sundrive, og bota frå det nye høver ikkje på det gamle. 37Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. 38Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39Og ingen som har drukke gamal vin, har hug på ny. Han vil seia at den gamle er best.»
Selectat acum:
Lukas 5: NO1978NN
Evidențiere
Partajează
Copiază
Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2