YouVersion
Pictograma căutare

Lukas 20

20
Jesu fullmakt
(Matt 21,23–27; Mark 11,27–33)
1Ein dag då han lærte folket på tempelplassen og forkynte evangeliet, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste 2og sa til han: «Sei oss: Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til det?» #Matt 21,23+ 3Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Sei meg: 4Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske?» 5Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje? 6Men svarar vi: Frå menneske, kjem folket til å steina oss, for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.» #Matt 11,9+ 7Difor svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå. 8Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»
Paktarane og arvingen
(Matt 21,33–46; Mark 12,1–12)
9Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:
«Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid. #Jes 5,1ff 10Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort. #2 Krøn 36,15f 11Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. 14Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår. #Hebr 1,2 15Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.
Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane? #Hebr 13,12 16Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» 17Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:#Sal 118,22
Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein?
18Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»#Dan 2,34.44
19Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.#19,47; 22,2
Er det rett å svara skatt til keisaren?
(Matt 22,15–22; Mark 12,13–17)
20Sidan gjætte dei på han og sende ut folk som skulle lura på han. Dei skulle lata som dei var fromme menn og prøva å fanga han i ord, så dei kunne få gje han over til styremaktene og landshovdingen. #11,54 21Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg. 22Sei oss: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 23Men han merka baktankane deira og sa til dei: 24«Vis meg ein denar! Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei. 25Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.» #Rom 13,7 26Dei greidde ikkje å fella han på noko han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.
Oppstoda frå dei døde
(Matt 22,23–33; Mark 12,18–27)
27Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:#Apg 23,8
28«Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein gift mann døyr, og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. #5 Mos 25,5 29No var det sju brør. Den eldste tok seg ei kone, men døydde barnlaus. 30Så gifte den andre seg med henne, 31og så den tredje, og sameleis alle sju; men alle døydde dei barnlause. 32Til sist døydde kona òg. 33Når dei så står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har dei vore gifte med henne.»
34Jesus sa til dei: «I denne verda gifter dei seg og vert bortgifte. 35Men dei som vert haldne verdige til å vera med i den komande verda, og til å stå opp frå dei døde, dei korkje gifter seg eller vert bortgifte. 36Dei kan ikkje døy meir; dei er som englane, og fordi dei har fått del i oppstoda, er dei Guds born. #1 Kor 15,42ff 37Men at dei døde står opp, det har Moses òg synt i forteljinga om klungeren, når han kallar Herren for Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. #2 Mos 3,6 38Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. Dei lever alle for han.» #Rom 14,8 39Då sa nokre av dei skriftlærde: «Meister, du svara rett.» #20,39 svara rett Dei skriftlærde, som for det meste var farisearar, trudde på oppstoda; det gjorde ikkje saddukearane. Sjå Apg 23,8. 40Og ingen våga å spørja han meir.
Kven Messias er
(Matt 22,41–46; Mark 12,35–37)
41Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son? 42David seier då sjølv i Salmane:#Sal 110,1; Apg 2,34f+
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
43til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter.
44Her kallar David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»
Åtvaring mot dei skriftlærde
(Mark 12,38–40)
45Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane: 46«Akta dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Dei elskar å sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod. #Matt 23,1ff; Luk 11,43 47Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

Selectat acum:

Lukas 20: NO1978NN

Evidențiere

Partajează

Copiază

None

Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te