YouVersion
Pictograma căutare

Lukas 10

10
Jesus sender ut dei sytti
(Matt 9,37–38; 10,7–16; 11,20–23)
1Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. #10,1 Nokre av dei eldste handskriftene har syttito, både her og i v. 17. #4 Mos 11,16 2Og han sa til dei:
Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. #Joh 4,35 3Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar. 4Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk. #9,3ff; 22,35 5Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: «Fred vere med denne heimen!» 6Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve. 7Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus! #1 Kor 9,4ff; 1 Tim 5,18 8Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk! 9Læk dei sjuke som er der, og sei: «Guds rike er kome nær til dykk.» #Matt 3,2+ 10Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: 11«Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!» #10,11 støvet vi har fått på føtene [Matt 10,14.] #9,5; Apg 13,51 12Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.#1 Mos 19,1ff
13Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. #Matt 11,21+ 14Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. 15Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned!#Jes 14,13ff
16Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.#Matt 10,40+; Joh 5,23; 15,23
17Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. #Joh 12,31; Op 12,9 19Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. #Sal 91,13; Mark 16,18 20Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»#Fil 4,3+; Hebr 12,23
Faderen og Sonen
(Matt 11,25–27; 13,16–17)
21I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. #1 Kor 1,26ff 22Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»#Matt 11,27+
23Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»#1 Pet 1,10
Den miskunnsame samaritanen
25Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?» #3,10; 18,18; Apg 2,37; 16,30; 22,10 26«Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?» 27Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» #Matt 22,37; 5 Mos 6,5; 3 Mos 19,18 28Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» #Matt 19,17; Rom 10,5+ 29Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» 30Jesus tok opp spørsmålet og sa:
Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. #10,30 frå Jerusalem til Jeriko ein aud strekning på om lag 30 km, der røvarar ofte heldt til. 31No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom. 32Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom. 33Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han. 34Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han. 35Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»
36Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane? 37«Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.»
Jesus hjå Marta og Maria
38Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. #Joh 11,1; 12,2f 39Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»#Matt 6,33+

Selectat acum:

Lukas 10: NO1978NN

Evidențiere

Partajează

Copiază

None

Dorești să ai evidențierile salvate pe toate dispozitivele? Înscrie-te sau conectează-te