Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!»