Logotipo da YouVersion
Ícone de Pesquisa

2. Korintar 12

12
Paulus held fram med å rosa seg sjølv, av di han er nøydd til det. Han kunde rosa seg av høge openberringar og, men det vil han ikkje; han vil berre rosa seg av si vanmakt, 1-10. Han sluttar med si sjølvros, men laster korintarane for at dei ikkje hadde forsvara han mot fiendane hans og soleis spart han for å rosa seg; dei hadde havt god grunn til det, av di han i all si ferd hadde vore ein rett Kristi apostel, 11-18. Dei må ikkje tru at han med dette sjølvforsvaret sitt hev meint at han vil skjota seg inn under deira dom; alt hev han tala for Guds åsyn, men til uppbyggjing for dei; for han ser at det endå er mange lyte og brester ved kristendommen deira, 19-21.
1Eg lyt rosa meg endå det ikkje er gagnleg; men eg kjem no til syner og openberringar av Herren. 2Eg kjenner eit menneske i Kristus - um han var i lekamen, det veit eg ikkje, eller utanfor lekamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen.#Apg 22,17 3Og eg kjenner dette mennesket, - um han var i lekamen eller utanfor lekamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - 4han vart rykt inn i Paradis og høyrde usegjelege ord, som eit menneske ikkje hev lov å tala. 5Av dette vil eg rosa meg; men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.#2 Kor 11,30 6For um eg vil rosa meg, vert eg ikkje uvitug, for sanning kjem eg til å segja; men eg let det vera, so ingen skal tenkja større um meg enn som han ser meg eller høyrer av meg.#2 Kor 10,8 7Og for at eg ikkje skal ovmoda meg av dei høge openberringar, hev eg fenge ein tagg i kjøtet, ein Satans engel, som skal slå meg, so eg ikkje skal ovmoda meg. 8Um denne bad eg Herren tri gonger at han måtte vika frå meg; 9og han sa til meg: Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmakt. Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, so Kristi kraft kann bu i meg.#2 Kor 11,30 10Difor er eg vel til mods midt i vanmakt, i valdsverk, i naud, i forfylgjing, i trengslor for Kristi skuld. For når eg er vanmektig, då er eg sterk.#Rom 5,3; 2 Kor 13,4 11Eg hev vorte uvitug; de hev tvinga meg til det. For eg skulde havt lovord av dykk; eg var då ikkje i noko mindre mann enn dei ovstore apostlane, endå eg er ingen ting.#2 Kor 11,1; 1 Kor 3,7 12Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, vart i vissa gjorde hjå dykk i alt tolmod, både med teikn og under og kraftige verk.#1 Kor 9,1-2 13For kva var det de vart haldne ringare i enn dei andre kyrkjelydane, utan i det at eg ikkje var dykk til tyngsla? Tilgjev meg den uretten!#2 Kor 11,8-9; 1 Tess 2,9 14Sjå, tridje gongen er eg buen til å koma til dykk, og eg skal ikkje vera dykk til tyngsla; for eg søkjer ikkje dykkar gods, men dykk sjølve. Det er då ikkje borni som skal sanka skattar til foreldri, men foreldri til borni.#2 Kor 13,1 15Men eg vil gjerne ofra, ja verta ofra for sjelene dykkar, um eg enn vert mindre elska di meir eg elskar dykk.#Kol 1,24; 2 Kor 6,12 16Men lat so vera at eg ikkje var dykk til tyngsla, men eg var svikfull og tok dykk med list! 17Søkte eg vel vinning av dykk ved nokon av dei som eg sende til dykk?#2 Kor 7,2 18Eg talde Titus til å sende med han bror vår. Hev Titus søkt vinning av dykk? For me ikkje fram i den same ånd? ikkje i dei same fotfar?#2 Kor 8,6.22 19Longe hev de tenkt at det er for dykk me forsvarar oss. Nei, det er for Guds åsyn me talar i Kristus; men alt til dykkar uppbyggjing, mine kjære!#1 Kor 4,3; 2 Kor 2,17 20For eg ottast at når eg kjem, skal eg ikkje finna dykk slike som eg vil, og at eg skal verta funnen av dykk slik som de ikkje vil - at der skal vera kiv, ovund, vreide, usemja, baktale, drøsor, ovmod, utstyr -#2 Kor 10,2; 13,10 21at når eg kjem, skal min Gud atter audmykja meg hjå dykk, og eg skal koma til å syrgja yver mange av dei som fyrr synda og ikkje hev umvendt seg frå den ureinskap og lauslivnad og used som dei dreiv.#2 Kor 13,2

Atualmente Selecionado:

2. Korintar 12: Bibel1938

Destaque

Compartilhar

Copiar

None

Quer salvar seus destaques em todos os seus dispositivos? Cadastre-se ou faça o login