Markus 1:2-8
Markus 1:2-8 BIBEL2011
Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»