1. Mosebok 8

8
Gud let vatnet falla att, 1-5, Noah sender fyrst ut ein ramn, og sidan tri gonger ei duva; han vil vite um jordi hev vorte turr, 6-12. Jordi vert heiltupp turr; Noah gjeng ut or arki, 13-19. Han byggjer eit altar og ofrar; Gud vil ikkje tyna jordi meir, so som han no hev gjort, 20-22.
1Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med han i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall. 2Og brunnane i djupet og lukone på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga. 3Og vatnet drog seg etter kvart attende frå jordi, og vatnet minka, då hundrad og femti dagar var lidne. 4Og den syttande dagen i den sjuande månaden tok arki grunn og stana på Araratfjelli. 5Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden; den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindane seg. 6Og då fyrti dagar var lidne, let Noah upp vindauga på arki som han hadde gjort, 7og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi. 8So sende han ei duva ut ifrå seg og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki. 9Men duva fann ingen kvilestad for foten sin og kom attende til han i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi og tok henne inn til seg i arki. 10So bia han endå sju dagar og sende so duva ut att or arki. 11Og då det leid til kvelds, kom duva heim til han, og sjå, då hadde ho eit grønt oljetrelauv i nebben. Då skyna Noah at vatnet hadde sige undan frå jordi. 12Men han drygde endå sju dagar til. So let han ut duva, og då kom ho ikkje att til han meir. 13Den fyrste dagen i den fyrste månaden i det seks hundrad og fyrste året, då hadde vatnet torna burt av jordi. Og Noah tok taket av arki og såg utyver, og sjå, marki var turr. 14Og den sju og tjugande dagen i den andre månaden var jordi heilt upp turr. 15Då tala Gud til Noah og sa: 16Gakk ut or arki, du og kona di og sønene dine og konone åt sønene dine med deg! 17Og alle dei dyr som er hjå deg, alt kjøt, både fuglane og feet og alt kreket som krelar på jordi, skal du hava med deg ut, og dei skal yrja på jordi og alast og aukast utyver jordi.#1 Mos 1,22 18So gjekk Noah ut, og sønene hans og kona hans og konone åt sønene hans med han. 19Og alle dyri og alt kreket og alle fuglane, alt som røyver seg på jordi, gjekk ut or arki, kvart etter sitt slag. 20Og Noah bygde Herren eit altar og tok utav alle dei reine dyri og utav alle dei reine fuglane og ofra brennoffer på altaret. 21Og Herren kjende den gode angen, og Herren sa i sitt hjarta; Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Og aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde.#1 Mos 6,5; 9,11 22Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hete, sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på