1. Mosebok 26

26
Isak heldt til i Gerar; Gud gjev han dei same lovnadane som han fyrr hev gjeve Abraham, 1-6. Isak gjev Rebekka ut for å vera syster hans; men Abimelek kjem etter at ho er kona hans, og byd at ingen må gjera dei noko vondt, 7-11. Gud velsignar Isak, so han vert rikare; filistrarane ovundar og plagar han, 12-22. Han fer til Be'erseba; der trøystar Gud han, 23-25, og Abimelek gjer ei pakt med han, 26-33. Esau giftar seg med tvo kvinner frå Kana'ans-land, 34.35.
1Og det kom eit uår, so det vart stor naud i landet - liksom fyrre gongen, medan Abraham levde. Då for Isak til Gerar, til Abimelek, filistarkongen.#1 Mos 12,10-20; 20,1-8 2Og Herren synte seg for han og sa: Far ikkje ned til Egyptarland! Bu i det landet som eg segjer deg! 3Hald til i dette landet! Eg skal vera med deg og velsigna deg; for deg og ætti di vil eg gjeva alle desse landi; eg vil halda den eiden eg hev svore Abraham, far din.#1 Mos 12,7-9 4Og eg vil lata ætti di aukast, so ho vert som stjernone på himmelen, og eg vil gjeva ætti di alle desse landi, og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast,#1 Mos 15,5; 22,17-18; 12,3 5for di Abraham lydde meg og heldt alt det eg vilde han skulde halda, bodi og fyresegnene og lovene mine. 6So vart Isak buande i Gerar. 7Og mennene der på staden spurde han ut um kona hans. Då sa han: Ho er syster mi. For han torde ikkje segja at ho var kona hans; han var redd mennene der på staden kunde slå han i hel for Rebekka skuld, av di ho var so ven.#1 Mos 12,11-20; 20,1-8 8Men då han hadde vore der eit bel, bar det so til at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjenom vindauga og fekk sjå at Isak heldt gaman med Rebekka, kona si. 9Og Abimelek kalla Isak til seg og sa: No ser me ho er kona di! Kvi sa du at ho var syster di? Isak svara: Eg tenkte eg kunde koma til å missa livet for hennar skuld. 10Då sa Abimelek: Kvi hev du gjort dette imot oss? Kor lett kunde ikkje det hava hendt at einkvan av folket hadde lege med kona di, og då hadde du ført skuld yver oss. 11Sidan tala Abimelek til alt folket og lyste ut dei ordi: Den som rører denne mannen eller kona hans, skal lata livet.#Sal 105,15 12Isak sådde korn der i landet, og det året fekk han hundrad foll; for Herren velsigna han, 13Og mannen tok til å verta rik og vart rikare og rikare, til han var ovrik. 14Han hadde mykje bufe, både smått og stort, og mange drenger, so filistarane vart ovundsjuke på han. 15Og alle dei brunnane som drengene åt far hans hadde grave medan Abraham, far hans, levde, kasta filistarane att og fyllte dei med jord.#1 Mos 21,25 16Og Abimelek sa til Isak: Flyt burt ifrå oss! for du hev vorte for stor for oss. 17So flutte Isak burt og lægra i Gerardalen, og der vart han buande. 18Og Isak grov upp att dei brunnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistarane hadde fyllt att då Abraham var burte, og han kalla dei det same som far hans hadde kalla dei. 19Og drengene Isak grov der i dalen og fann ei vass-år. 20Då tok hyrdingane frå Gerar til å tretta med hyrdingane hans Isak og sa: Det er vårt vatn. Og Isak kalla brunnen Esek, av di dei hadde dregest med han.#26,20 Esek dragsmål. 21Sidan grov dei ein annan brunn. Den tretta dei og um, og han kalla han Sitna.#26,21 Sitna fiendskap. 22So flutte han burt derifrå og grov ein ny brunn. Den tretta dei ikkje um, og han kalla han Rehobot, og sa: No hev Herren gjort det romt for oss, so me kann veksa i landet.#26,22 Rehobot rom (vidd). 23Sidan for han derifrå upp til Be'erseba. 24Same natti synte Herren seg for han og sa: Eg er Gud åt Abraham, far din. Ver ikkje redd, for eg er med deg; eg skal velsigna deg og lata ætti di aukast for Abraham skuld, han som var tenaren min.#1 Mos 15,1 25So bygde han eit altar der og kalla på Herren. Og der sette han upp tjeldbui si, og drengene hans grov ein brunn. 26Sidan kom Abimelek til han frå Gerar med Akussat, venen sin, og Pikol, herhovdingen sin.#1 Mos 21,22 27Då sa Isak til dei: Kvifor kjem de hit til meg, de som hatar meg og hev jaga meg burt ifrå dykk? 28Og dei svara: Me hev set det grant at Herren er med deg, og no segjer me: Kom, lat oss sverja ein eid oss imillom, me og du, og lat oss få gjera ei semja med deg, 29at du ikkje skal gjera oss noko vondt, liksom heller ikkje me rørde deg, men berre gjorde vel imot deg og let deg fara i fred. No er du den som Herren hev velsigna. 30So gjorde han eit gjestebod for dei, og dei åt og drakk. 31Og tidleg um morgonen reis dei upp og gjorde eiden åt kvarandre. Sidan bad Isak farvel med dei, og dei for burt ifrå han i fred. 32Same dagen hende det at drengene hans Isak kom og sa frå um den brunnen dei hadde grave. No hev me funne vatn! sa dei til han. 33Og han kalla brunnen Siba. Difor heiter byen Be'erseba den dag i dag.#1 Mos 21,31#26,33 Siba eid.#26,33 Be'erseba 21,31. 34Då Esau var fyrti år gamal, gifte han seg med Judit, dotter åt ein hetit som heitte Be'eri, og med Basmat, dotter åt ein annan hetit, som heitte Elon.#1 Mos 36,2 35Men dei vart ei hjartesorg for Isak og Rebekka.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på