1. Mosebok 23

23
Sara døyr, og Abraham syrgjer yver henne; han kjøper Makpelahelleren av hetiten Efron og jordar henne der, 1-20.
1Alderen hennar Sara vart hundrad og sju og tjuge år gamal; det var leveåri hennar Sara. 2Og Sara døydde i Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Kana'ans land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara.#1 Mos 50,10 3Sidan reis Abraham upp og gjekk burt ifrå liket og han tala til Hets-borni og sa: 4Ein framand er eg imillom dykk, ein utlending. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, so eg kann få gøyma henne som eg hev mist.#1 Krøn 29,15; Hebr 11,9.13 5Då svara Hets-borni Abraham og sa til han: 6Høyr her, gode herre! Ein Guds hovding er du millom oss. I den beste av gravene våre kann du jordi henne som du hev mist. Ingen av oss skal meinka deg gravi si til å jorda henne i. 7Då reiste Abraham seg og bøygde seg for landslyden, for Hets-borni, 8og so tala han med dei og sa: Samtykkjer de i at eg gøymer henne som eg hev mist, so gjer vel og tel for Efron, son åt Sohar, 9at han let meg få Makpelahelleren, som han eig, og som ligg i utkanten av gjordet hans. Han skal få gode pengar for han, er so han vil selja meg han, her midt imillom dykk, til eigande gravstad. 10Men Efron sat midt millom Hets-borni, og Efron, hetiten, svara Abraham so dei høyrde på det, Hets-borni, alle dei som sokna til tingstaden hans, og sa: 11Nei, høyr her, gode herre! Dette gjordet gjev eg deg, og helleren som er der, den gjev eg deg og, for augo åt landsmennene mine gjev eg deg han. Jorda du henne som du hev mist! 12Då bøygde Abraham seg for landslyden, 13og han tala til Efron so landslyden høyrde på det, og sa: Gjev du vilde høyra på meg! Eg legg det som gjordet er verdt. Tak imot det av meg, so eg der kann få jorda henne som eg hev mist! 14Og Efron svara Abraham og sa til han: 15Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt fire hundrad sylvsekel, kva er det millom meg og deg? Jorda du henne som du hev mist! 16Og Abraham skyna kva Efron meinte, og Abraham vog upp åt Efron det sylvet han hadde tala um medan Hets-borni høyrde på det, fire hundrad sylvsekel, av dei som gjekk og galdt millom kjøpmennene. 17Og gjordet hans Efron i Makpela, som ligg austanfor Mamre, både gjordet og helleren som der er, og alle dei tre som på gjordet voks, so vidt det rokk rundt i kring, vart skøytt 18til Abraham so dei såg på det, Hets-borni, alle dei som sokna til tingstaden hans.#1 Mos 49,30; 50,13; Apg 7,16 19Sidan jorda Abraham Sara, kona si, i helleren på Makpelagjordet, austanfor Mamre, der Hebron no ligg, i Kana'ansland.#1 Mos 25,9-10 20Og gjordet med helleren som var der, kom frå Hets-borni yver på Abrahams hender, so han fekk det til eigande gravstad.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på