1. Mosebok 20

20
Abraham kjem til Gerar; Abimelek, kongen der, tek Sara ifrå han, men let han få henne att etter Guds bod, med mange gåvor; Abraham bed for han og huset hans, 1-18.
1So flutte Abraham derifrå til sudlandet og sette seg ned millom Kades og Sur, og sidan helt han til i Gerar.#1 Mos 25,18 2Og Abraham sa um Sara, kona si: Ho er syster mi. Og Abimelek, kongen i Gerar, sende folk ut og tok Sara.#1 Mos 12,13; 26,7 3Då kom Gud um natti til Abimelek i draume og sa til han: No lyt du døy, for di du hev teke denne kvinna; for ho er ei gift kona.#1 Mos 31,24 4Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne. Og han sa: Herre, vil du då drepa rettvise folk og? 5Sa han ikkje sjølv til meg: Ho er syster mi? Og ho, ho sa og: Han er bror min. Med skuldlaust hjarta og reine hender gjorde eg dette. 6Då sa Gud til han i draumen: Ja, eg veit at du hev gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg sjølv som heldt deg frå å synda mot meg; difor let eg deg ikkje røra henne. 7Lat no du mannen få att kona si; for han er ein profet - so bed han for deg, og då får du leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, so må du vita at du skal døy, både du og alle dine.#Sal 105,15; Job 42,8 8Um morgonen tidleg reis Abimelek upp og kalla kring seg alle mennene sine og sa alt dette med dei, og karane vart ovleg redde. 9Og Abimelek kalla til seg Abraham, og sa til han: Kva er det du hev gjort imot oss! Kva vondt hev eg gjort deg, sidan du hev lagt so stor ei synd på meg og riket mitt? Du hev fare åt imot meg som ingen skulde fara åt! 10Kva meinte du med det at du gjorde dette? sa Abimelek til Abraham. 11Då sa Abraham: Eg tenkte det: Dei hev visst ingen age for Gud i dette landet; dei kjem til å drepa meg for kona skuld.#1 Mos 12,12 12Og so er ho og i røyndi syster mi; ho er dotter åt far min, men ikkje åt mor mi. Og ho vart kona mi. 13Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sa eg til henne: Dette lyt du gjera for mi skuld: Kvar me kjem helst, so seg um meg: Han er bror min. 14So tok Abimelek både sauer og naut og drenger og gjentor og gav Abraham og let han få att Sara, kona si.#1 Mos 12,19 15Og Abimelek sa: Sjå her hev du landet mitt fyre deg; bu der du helst vil! 16Og til Sara sa han: Sjå, her gjev eg bror din tusund sylvsekel. Det skal vera ei ærebot for deg hjå alle som er med deg, so kvar og ein kann sjå du er saklaus. 17So bad Abraham til Gud for dei, og Gud lækte Abimelek og kona hans og ternone hans, so dei fekk born. 18For Herren hadde heilt upp stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek for Sara skuld, kona hans Abraham.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på