1. Mosebok 11

11
Menneski vil byggja eit tårn som skal nå upp i himmelen; Gud skiplar dette arbeidet, med di han vildrar målet deira og spreidar dei utyver jordi; dei kallar byen Babel, 1-9. Sems-ætti vert upprekna til Abram, 10-26. Abram tek ut frå Ur med Tarah, far sin og Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og fer til Karan, 27-32.
1Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi. 2Og då dei for austigjenom, fann dei ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned. 3Og dei sa seg imillom: Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel! Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbek. 4So sa dei: Kom, lat oss byggja oss ein by med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde ut yver all jordi! 5Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde. 6Og Herren sa: Sjå, dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål; dette er det fyrste dei tek seg fyre, og no vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei so finn på å gjera. 7Lat oss stiga ned der og vildra tungemålet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer. 8So spreidde Herren dei derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp med å byggja på byen. 9Difor kalla dei han Babel; for der vildra Herren tungemålet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren dei ut yver all jordi. 10Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamal, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.#1 Krøn 1,17-27; Luk 3,36 11Og etter at Sem hadde fenge Arpaksad, levde han endå i fem hundrad år og fekk søner og døtter. 12Då Arpaksad var fem og tretti år gamal, fekk han sonen Salah.#1 Mos 10,24 13Og etter at Arpaksad hadde fenge Salah, levde han endå fire hundrad og tri år og fekk søner og døtter. 14Då Salah var tretti år gamal, fekk han sonen Eber. 15Og etter Salah hadde fenge Eber, levde han endå fire hundrad og tri år og fekk søner og døtter. 16Då Eber var fire og tretti år gamal, fekk han sonen Peleg. 17Og etter Eber hadde fenge Peleg, levde han endå fire hundrad og tretti år og fekk søner og døtter. 18Då Peleg var tretti år gamal, fekk han sonen Re'u. 19Og etter Peleg hadde fenge Re'u, levde han endå tvo hundrad og ni år og fekk søner og døtter. 20Då Re'u var tvo og tretti år gamal, fekk han sonen Serug. 21Og etter at Re'u hadde fenge Serug, levde han endå tvo hundrad og sju år og fekk søner og døtter. 22Då Serug var tretti år gamal, fekk han sonen Nakor. 23Og etter Serug hadde fenge Nakor, levde han endå tvo hundrad år og fekk søner og døtter. 24Då Nakor var ni og tjuge år gamal, fekk han sonen Tarah. 25Og etter Nakor hadde fenge Tarah, levde han endå hundrad og nittan år og fekk søner og døtter. 26Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønene Abram og Nakor og Haran. 27Dette er soga um Tarah og ætti hans; Tarah fekk sønene Abram og Nakor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. 28Og Haran døydde hjå Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldea. 29Og Abram og Nakor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Sarai, og kona hans Nakor heitte Milka og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska. 30Men Sarai var barnlaus; ho hadde aldri ått barn. 31Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldea og vilde fara til Kana'ansland. Og dei kom til Karan, og vart buande der.#1 Mos 15,7; Neh 9,7 32Og dagane hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Karan.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på