Sakarja 9

9
Guds dom over Israels fiendar
1 # Jer 32,19; Am 1,3 # 9,1 Hadrak aramearrike nord for Hamat, jf. v. 2. Ein bodskap.
Herrens ord er i Hadrak-landet,
i Damaskus har det sin bustad,
for menneska og alle Israels stammar
vender auga mot Herren.
2 # Esek 26,1ff; Am 1,9; 6,2 # 9,2 Hamat aramearrike ved elva Orontes. Jf. Lebo-Hamat. >4 Mos 13,21. Slik med grannelandet Hamat òg,
og Tyros og Sidon, med all deira visdom.
3Tyros bygde seg ei festning,
hauga opp sølv som mold
og gull som søle i gata.
4Sjå, Herren vil ta byen
og slå styrkane hennar på sjøen.
Byen skal øydast i eld.
5 # Jer 47,1ff; Am 1,6 Asjkalon skal sjå det og reddast,
Gaza skal vri seg i smerte,
Ekron òg, for hennar von blir til skamme.
Gaza skal mista sin konge,
i Asjkalon skal ingen bu.
6Det skal bu blandingsfolk i Asjdod.
Eg gjer ende på det filistrane er stolte av.
7 # 9,7 fjerna blodet Jf. 3 Mos 17,10ff. jebusittane Folket i filistarbyen Ekron skal bli ein del av Israel, slik som jebusittane i Jerusalem. Jf. 14,21. Eg skal fjerna blodet dei har i munnen,
og det motbydelege dei tygg på.
Men dei som blir att,
skal høyra vår Gud til
og vera som ei slekt i Juda,
med Ekron skal det gå som med jebusittane.
8 # 2 Mos 2,25; 3,7 Eg skal slå leir omkring huset mitt
til vern mot dei som rykkjer fram og tilbake.
Aldri meir skal nokon undertrykkjar
rykkja fram mot dei.
For no har eg sett det med eigne auge.
Fredskongen på Sion
9 # 1 Mos 49,11; 1 Kong 1,33 # 9,9 fattig =Septuaginta har «audmjuk». I denne forma er verset sitert i NT. Jf. Matt 21,5. Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole.
10 # Sal 72,3.7f; Jes 2,4; Mi 4,3 # 9,10 Efraim her om heile Nordriket. Storelva Eufrat. Eg vil rydda ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
stridsbogen skal brytast sund.
Han skal tala fred for folkeslaga,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Storelva til endane av jorda.
Herren skal verna folket sitt
11 # 1 Mos 37,20ff; 2 Mos 24,5ff; Jer 38,6 # 9,11 blodpakta Pakta vart skipa og halden oppe med blodige offer. Jf. 2 Mos 24,8. brønnen eit fangehol. Jf. 1 Mos 37,24; Jer 38,6. Og du, i kraft av blodpakta med deg
set eg fangane dine fri
frå brønnen utan vatn.
12 # Jes 40,2; 61,7 Vend heim til borga,
de fangar som har von!
I dag forkynner eg:
Eg gjev deg dobbelt att.
13 # 9,13 Javan Jonia, som stod for dei greske bystatane på vestkysten av Vesleasia. Namnet blir òg nytta om Hellas og om heile det greske riket. Jf. Jes 66,19; Dan 8,21. For eg spenner Juda som ein boge
og legg Efraim på som pil.
Eg skal slyngja dine søner, Sion,
mot dine søner, Javan.
Eg gjer deg lik sverdet til ein krigar.
14 Herren skal syna seg for dei,
pila hans skyta ut som lynet.
Herren Gud skal blåsa i hornet
og fara fram i stormvind frå sør.
15 # 2 Mos 29,12 Herren over hærskarane skal vera skjold for dei.
Slyngjesteinane skal fortæra og tvinga i kne,
drikka blod som var det vin,
fylte som offerskåler, tilsmurde som hjørna på altaret.
16 # Jes 35,4 Herren deira Gud skal berga dei den dagen,
folket hans skal vera som ein saueflokk.
Som kronjuvelar skal dei glima over landet hans.
17 # Jes 27,6 Kor godt og vakkert det er!
Korn og ny vin
får gutar og jenter til å bløma.

Markert nå:

Sakarja 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på