Sakarja 13

13
Kjelda som reinsar
1 # Esek 36,25; Joel 3,23; Sak 14,8; Hebr 10,22; 1 Joh 1,7; Op 1,5 Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for dei som bur i Jerusalem, til å reinsa bort synd og ureinskap.
2 # Jes 2,20; Hos 2,17; Mi 5,12; Sef 1,4 # 13,2 profetane falske profetar. Den dagen, seier Herren over hærskarane, slettar eg ut namna på avgudane frå landet, så dei aldri skal minnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet. 3#Jer 14,14f Om nokon framleis talar profetisk, skal far og mor hans, som sette han til verda, seia til han: «Du får ikkje leva, for du har tala løgn i Herrens namn.» Og far og mor hans, som sette han til verda, skal stikka han ned fordi han har tala profetisk.
4 # 2 Kong 1,8; Matt 3,4 # 13,4 lòden kappe vanleg profetdrakt. Jf. 2 Kong 1,8. Den dagen skal kvar profet skjemmast over syna sine når han profeterer, og han skal ikkje kle seg i lòden kappe for å lyga. 5#Am 7,14 Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.» 6Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»
Ein reinsa rest
7 # 1 Kong 22,17; Sak 11,4ff; Matt 18,3ff; 26,31; Mark 14,27 Sverd, vakna mot gjetaren min,
mot mannen som står meg nær,
seier Herren over hærskarane.
Slå gjetaren så sauene spreiest!
Eg lyfter handa mot dei minste.
8Det skal skje i heile landet, seier Herren,
at to tredjedelar skal ryddast ut og døy,
men ein tredjedel skal bli att.
9 # 5 Mos 26,17f; Jes 1,25f; 48,10; Esek 22,22; Mal 3,2f Den tredjedelen fører eg gjennom eld,
eg reinsar han som ein reinsar sølv,
eg prøver han som ein prøver gull.
Dei skal kalla på mitt namn,
og eg skal svara dei.
Eg skal seia: «Dei er mitt folk»,
og dei skal svara: «Herren er vår Gud.»

Markert nå:

Sakarja 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring