Rut 2

2
Rut møter Boas
1Noomi hadde ein slektning på sida til mannen hennar, ein mektig og velståande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas. 2#3 Mos 19,9f; 23,22 Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til Noomi: «Lat meg gå ut på åkeren og sanka kornaks etter ein som vil visa meg velvilje.» Ho svara: «Gå du, dotter mi!» 3Så gjekk ho ut på åkeren og sanka aks etter skurdfolket. Og det trefte seg slik at åkerstykket ho sanka på, høyrde Boas av Elimelek-slekta til. 4#Sal 129,7f Boas var nett komen frå Betlehem. Han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara han: «Herren velsigne deg!»
5Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven høyrer denne unge kvinna til?» 6Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frå Moab. 7Ho bad: Lat meg få plukka og sanka aks mellom kornbanda etter skurdfolket! Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no. Berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt seg.»
8Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Sank ikkje aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til mine tenestejenter. 9Sjå kvar på åkeren skurdfolka arbeider, og følg etter dei! Eg vil byda karane at dei ikkje får røra deg. Blir du tørst, så gå bort til krukkene og drikk av det som tenestefolket auser opp.» 10Då kasta ho seg ned med andletet mot jorda og sa til han: «Kvifor ser du på meg med velvilje og tek imot meg, endå eg er ein framand?» 11Boas svara henne: «Dei fortalde meg meir enn éin gong om alt du gjorde for svigermor di etter at mannen din døydde. Du forlét far din og mor di og fedrelandet ditt og drog til eit folk du ikkje kjende frå før. 12#Sal 36,8f; 91,4Herren skal løna deg for det du har gjort! Måtte du få fullt vederlag frå Herren, Israels Gud, no når du er komen for å søkja ly under hans venger.» 13Ho sa: «Måtte du framleis sjå på meg med velvilje, herre, for du har trøysta meg og snakka venleg til tenestekvinna di, endå eg ikkje eingong er som ei av kvinnene i tenesta di.»
14 # 2,14 vineddiken sur vin, blanda med vatn, brukt som leskedrikk for arbeidsfolk. Då tida var komen for å eta, sa Boas til henne: «Kom hit og et av brødet, og dypp stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg ved sida av skurdfolket, og Boas gav henne rista korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att. 15Då ho reiste seg for å sanka, gav Boas denne beskjeden til tenestefolka: «Også mellom kornbanda kan ho sanka. Plag henne ikkje! 16Ja, de kan dra aks ut or kornbanda og la dei liggja att, så ho kan plukka dei opp. Ingen må truga henne.»
17 # 2,17 ein efa ca. 36 l. Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelden. Då ho banka kornet ut or aksa, vart det om lag ein efa bygg. 18Ho bar det med seg inn til byen, og svigermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det ho hadde til overs etter at ho hadde ete seg mett, og gav henne det. 19Då sa svigermor hennar: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidd? Velsigna er han som har vilja kjennast ved deg!» Så fortalde ho svigermora kven ho hadde arbeidd hos. Ho sa: «Den mannen eg arbeidde hos i dag, heiter Boas.» 20#2,20 løysingsmennene Om ein mann døydde barnlaus, skulle ein av dei næraste slektningane vera løysingsmann og gifta seg med enkja for å gje mannen etterkomarar. Jf. 5 Mos 25,5ff. =slektssamfunn og justis. Då sa Noomi til svigerdottera: «Han skal vera velsigna av Herren, som ikkje har halde opp med å visa miskunn, verken mot dei levande eller dei døde!» Og Noomi la til: «Den mannen er i slekt med oss. Han er ein av løysingsmennene våre.» 21Då sa Rut, moabittkvinna: «Han sa òg til meg: Hald deg til mine folk heilt til dei er ferdige med heile mi skurdonn.» 22Då sa Noomi til Rut, svigerdotter si: «Det er godt, dotter mi, at du går saman med tenestejentene hans, så du slepp å lida vondt på annan manns åker.»
23Så heldt ho lag med tenestejentene til Boas og sanka aks til bygghausten og kveitehausten var over. Og ho vart buande hos svigermor si.

Markert nå:

Rut 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring