Salmane 92
92
1Ein salme. Ein song for sabbatsdagen.
2 #
134,1; 147,1 Det er godt å takka Herren
og lovsyngja ditt namn, du Høgste,
3å kunngjera di miskunn om morgonen,
din truskap om nettene,
4til den tistrengja harpa,
til linne tonar frå lyra.
5 Herre, du har gledd meg med ditt verk,
eg jublar over det dine hender har gjort.
6 #
40,6+ Kor store dine gjerningar er,
kor djupe dine tankar, Herre!
7Den uforstandige forstår ikkje dette,
dåren skjønar det ikkje:
8 #
37,1f+ Dei urettferdige skyt opp som gras,
alle som gjer urett, blømer,
berre for å bli rydda ut for alltid.
9 #
83,19+ Men du, Herre, er opphøgd til evig tid.
10 #
68,2+ Dine fiendar, Herre,
dine fiendar skal gå til grunne,
alle som gjer urett, skal spreiast.
11 #
23,5
Du gjev meg kraft som ein villokse
og salvar meg med den friskaste olje.
12 #
91,8+ Eg kan følgja fienden med auga,
eg kan høyra om valdsmenn som reiste seg mot meg.
13 #
1,3+ Dei rettferdige skyt opp som palmar,
dei veks seg høge som sedrar på Libanon.
14Dei er planta i Herrens hus
og blømer i føregardane hos vår Gud.
15Enno i alderdomen ber dei frukt,
dei er friske og frodige.
16 #
18,3+ Slik forkynner dei at Herren er rettvis.
Han er mitt berg, det er ingen urett hos han.
Markert nå:
Salmane 92: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.