Salmane 48

48
1Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.
2 # 46,5; 99,2 Stor er Herren
og verdig lov og pris
i vår Guds by, på hans heilage fjell.
3 # 68,16f; 78,69; Jes 2,2; 14,13f; Matt 5,35 Fagert og høgt,
ei glede for heile jorda
er Sion-fjellet lengst i nord,
den store kongens by.
4 # 46,6.8 I byens borger gjev Gud seg til kjenne,
han er vårt vern.
5 # 2,2 For kongane slo seg saman
og drog fram i fylking.
6Dei såg opp og vart skremde,
dei rømde i redsle.
7Redsle kom over dei så dei skalv,
rier som hos ei fødande kvinne,
8 # 48,8 eller «Med austavind knuste du Tarsis-skip». Tarsis-skip store, havgåande skip. som når austavind
knuser Tarsis-skip.
9Det vi før høyrde, har vi no sett
i byen til Herren Sebaot,
i byen til vår Gud.
Gud held han oppe til evig tid. Sela
10I ditt tempel, Gud,
tenkjer vi på di miskunn.
11 # 113,3+ Gud, der ditt namn er kjent,
får du lovsong,
heilt til endane av jorda.
Di høgre hand er full av rettferd.
12 # 97,8 # 48,12 Judas døtrer byane i Juda. Sion-fjellet skal gleda seg
og Judas døtrer jubla
over dine dommar.
13Gå rundt Sion, gå heilt omkring,
tel tårna i byen,
14legg merke til vollane,
gå gjennom borgene.
Fortel så til den slekta som kjem:
15 # 49,16; 68,21; 73,24; 103,4 # 48,15 ut over døden Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Slik er Gud, vår Gud for evig.
Han skal føra oss ut over døden.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på