Salmane 43

43
1 # 26,1 # 43,1 Sal 42 og 43 var opph. éin salme. Gud, hjelp meg til min rett.
Før mi sak mot trulause folk!
Fri meg frå menneske
som fer med svik og vondskap!
2 # 42,10 For du er mitt vern, Gud.
Kvifor har du støytt meg bort?
Kvifor må eg gå og sørgja
medan fienden plagar meg?
3Send ditt lys og di sanning,
lat dei leia meg
og føra meg til ditt heilage fjell,
til dine bustader.
4Så kan eg gå til Guds altar,
til Gud, mi glede og min jubel,
og syngja din pris til lyra, Gud, min Gud.
5 # 42,6.12 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,
kvifor er du uroleg?
Eg vil venta på Gud!
Endå ein gong skal eg prisa han,
min frelsar og min Gud.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på